Fusjon

NB: I denne artikkelen bruker eg notasjonen AX for kjernene, der A er nukleontalet og X er det kjemiske sybolet. Så ei Heliumkjerne med fire nukloner (to proptoner og to nøytroner) skriv eg 4He. Dette er det same som ein alfapartikkel. Ei hydrogen-kjerne med eit proton skriv er 1H. Dette er det same som eit proton. Hydrogenkjerner med eit nøytron skriv eg 2H. Dette kallast også Deuterium, så andre stader kan det henda at det står D. Hydrogenkjerner med to nøytroner skriv eg 3H. Dette kallast også Tritium, så andre stader kan det stå T.

Kva er fusjon?

Fusjon er når lette (lettare) kjerner smeltar saman og blir til tyngre. Eksempel på dette er reaksjonen under, der hydrogen-isotopane 2H (deuterium) og 3H (trititium) regarerer og vi får danna 4He (helium) pluss eit nøytron. Dette er ein reaksjon som ikkje skjer på sola, men som er lovande for bruk i ein reaktor. Den store ITER-raktoren som er under bygging vil bruka denne reaksjonen.

Betingelsar for fusjon

Protona i kjerna har positiv ladning, og dei vil derfor fråstøyta kvarandre. To protoner som kjem mot kvarandre med for liten kinetisk energi vil bare bli avbøyde, og ingen kjernereaksjon vil skje. Men hvis dei har høg nok fart, dvs kinetisk energi, vil dei komma nær nok til at ein kjernereaksjon kan skje. For at fusjon skal skje må vi derfor ha høg temperatur og høgt trykk. Disse forholda fins i det indre av sola og i stjernene, men er svær vanskelig å laga i ein reaktor. Men sjøl om forholda ligg til rette for fusjon, vil likevel dei fleste av protona som suser mot kvarandre bøya av på denne måten.

Fusjon i Sola

Ei stjerne blir til ved at store mengder materie i gassform trekkjer seg saman på grunn av gravitasjonskrafta. Når gassmolekyla fell inn mot sentrum, gjer  gravitasjonskrafta  eit arbeid på gassen. og det betyr at den indre energien aukar, og temperaturen stig. Tilslutt vil den bli så høg at gassen begynner å lysa. Då har vi fått ei såkalt protostjerne. Hvis massen av denne protostjerna er stor nok, vil temperaturen og tettheten bli så høg kjernene begynner å fusjonera. Ved 5 millionar K (kelvin) begynner hydrogen å fusjonera til Helium. I vår sol er kjernetemperaturen omtrent 15.7 millionar K. Ved denne temperaturen er nesten alle grunnstoffa ionisert, slik at vi har frie kjerner og frie elektroner. Dette kallar vi plasma.

Proton-proton-kjeden

Den vanligaste prosessen på sola er den såkalte proton-proton-kjeden, som egentlig er fleire separate prosessar som til saman fører til at hydrogen fusjonerer til helium. Det er tre delprosessar, også kalla steg eller trinn. Nettoreaksjonen kan vi skriva som:

4 1H + 2 e- → 4He + 2 νe + 4.3 pJ

Fusjon i andre stjerner

Hydrogen-fusjon kan også foregå via den såkalte CNO-syklusen. (det står for carbon–nitrogen–oxygen). Denne prosessen foregår også i sola, men der er det bare under 2% av heliumet som blir danna gjennom denne prosessen. Det er først i stjerner som er meir en ca. 1.5 gonger størrelsen til sola at den begynner å bli dominant. CNO-syklusen er ein såkalt katalytisk prosess der fire protoner fusjonerer ved å bruka karbon, nitrogen, og oksygen som katalysatorar, der kvar av disse blir brukt i eit steg, men blir regenerert i eit seinare steg. Så prosessen er forholdvis komplisert, men netto-reaksjonen kan skrivast:

4 1H +  2 e− →  4He + 2νe + 7γ + energi.

Avhengig av størrelsen på stjerna, og kor langt den er kome i livet sitt, er det mange andre fusjonsprosessar som kan foregå. Ein av disse er Trippelalfa-prosessen, som er samansett av fleire reaksjonar. Men resultatet er at tre heliumkjerner smeltar saman til karbon. Så kan det i tunge kjerner vidare foregå mange såkalte alfaprosessar der heliumkjerner reagerer med resultatet av den "forrige" reaksjonen, og vi får produsert stadig tyngre grunnstoff, inntil prosessen stoppar ved jern.

Kontrollert fusjon

I mange tiår har forskarane prøvt å produsera energi med fusjon. Hvis vi får dette til kan vi produsera store mengder energi med lite input gjennom ein karbon-nøytral og (forholdsvis) rein prosess. Som sagt innledningsvis er det Deuterium-Tritium-reaksjonen som synest mest lovande for reaktorfusjon:

2H + 3H → 4He + 1H + energi

Mens deuterium kan destillerast frå vatn, er tritium vanskelig å oppdriva i naturen. Men forskarane på ITER planlegg å produsera tritium ved at nøytrona som bli produsert i fusjonen, treff veggene som inneheld Litium. Då får vi reaksjonen.

1H + 6Li → 3H + 4He + energi

Problemet er at litium er også ein begrensa ressurs.  I tillegg vil nøytroner som treff veggene gjera dei radioaktive. Dette problemet kan ein unngå hvis ein klarer å ta i bruk ein proton-Bor prosess:

p + 11B → 3 4He

Men utfordringen her er at plasmaet må ha endå mykje høgare temperatur for å gå.

Det som gjer kontrollert fusjon vanskelig er at ein må halda saman eit plasma ved temperaturar på rundt hundre millionar K, som er mykje meir enn solens kjerne. Dette prøver ein å få til ved å bruka sterke magnetfelt. Men plasmaet, som består av positive kjerner, "vil" bort frå kvarandre pågrunn av elektrisk fråstøyting, og er derfor høyst ustabilt.

Tokamak

Gullstandarden for ein fusjonsreaktor er den såkalte tokamak-en. "Tokamak" er eit russisk akronym for "toroidisk kammer med aksialt magnetisk felt". Ein tokamak er eit smultringforma kammer der plasmaet skal haldast på plass i midten av sterke magneter, som ofte er superledande. Sjå figur:

Dette er nødvendigvis såkalt big science: bare statsdrivne prosjekt har nok ressurser til dette. ITER, som er under bygging i Frankrike, er eit samarbeid mellom 35 land, inkludert Kina, EU, USA og Russland, Sør-Korea og Japan. Det første plasmaet er planlagt for desember 2025, men eksperiment med full deuterium–tritium fusjon startar i 2035. Sjå Milestones. I tillegg har Kina sin eigen EAST, som er ein superledande tokamak, som nylig har brote rekorda. Det same har Lawrence Livermore National Laboratory’s National Ignition Facility (NIF) i California. England sin nyaste reaktor, ST40, som vart skrudd på i 2017, har også oppnådd gode resultater. 

LENKER

The chase for fusion energy Nature.

ITER på Wikipedia.

A crash of stars reveals the origins of heavy elements