Den vanligaste kjernefysiske prosessen på sola er den såkalte proton-proton-kjeden, eller p–p-kjeden. Dette, som egentlig er fleire separate prosessar som til saman fører til at hydrogen fusjonerer til helium, er ein av dei to kjente kjernereaksjonane i stjerner som konverterer hydrogen til helium. Den andre er den såkalte CNO-syklusen, som dominerer i stjerner som er større enn omlag 1.3 solmasser.
For lettvinthets skuld bruker eg her notasjonen AX for kjerner, der A er nuklontalet og X er symbolet på det kjemiske elementet. I dette tilfellet H for hydrogen eller He for Helium.
Det er tre delprosessar, også kalla steg eller trinn. I første trinn fusjonerer to 1H-kjerner, dvs. protoner, til ei kjerne av hydrogen-isotopen 2H (som også blir kalla deuterium) pluss ett positron (dette er antipartikkelen til elektronet, som vi ofte skriv e+) og eit nøytrino. I utrekningar ser vi bort frå massen til nøytrinoer, sidan den er så liten. Reaksjonen frigir 0.067 pJ.
Denne prosessen tar lang tid. Eit gjennomsnittlig proton i sola sin kjerne ventar i 9 milliardar år før det fusjonerer med eit anna proton! Etter at denne fusjonen har funne stad, vil det frie positronet fort finna eit fritt elektron og annihilera. Disse to partiklane er kvarandre sine antipartiklar, og resultatet av ein annihilasjon er rein energi, meir presist to fotoner. Disse to har til saman energien 0.164 pJ, som då er den frogjorte energien:
I neste trinn fusjonerer eit proton med ei 2H-kjerne (proton + nøytron) til 3He-kjerne (2p + n) + gammastråling. Reaksjonen frigir 0.88 pJ.

I det siste trinnet fusjonerer to 3He-kjerner til ei 4He-kjerne pluss to protoner. Denne reaksjonen frigir 2.06 pJ.
Hvis vi koblar disse prosessane saman ser det ut som i figuren under. Vi ser at for å produsera ei 4He kjerne i trinn 3, så treng vi to trinn 2, og kvar av disse treng eit trinn 1:

Når vi summerer alle energiane får vi 2*0.067 pJ + 2*0.164 pJ
(anihilasjonen markert i grønn ramme) frå trinn 1, 2*0.88 pJ
frå trinn 2 og 2.06 pJ frå trinn tre, som til saman gir 4.3
pJ.
Når vi så ser på nettoreaksjonen, finn vi at det er totalt seks H-1 som
kjem inn: fire i trinn 1, og to i trinn 2. Men så kjem det to 1H
ut frå trinn 3. Så netto inn er altså fire. Når vi tar med
anihilasjonen (p- + p+) i trinn 1, er det bare 4He
som kjem ut (pluss nøytrinoner). Men vi må ta med to elektronmasser på
venstre side fordi dei kjem utanfrå. Dermed kan vi skriva
Som boka skriv, så er den kinetiske energien til nøytrinoane også med i dette energiregnskapet. Sjøl om vi ser bort frå nøytrinomassane i utrekninga, så får dei høg fart, og stikk dermed likevel av med omtrent 2.3% av den totale frigjorte energien. Denne energien går "tapt", fordi nøytrinoet nesten ikkje vekselvirkar med andre partiklar.