Aristoteles
4 februar 2015Aristoteles var fødd i Makedonia og studerte under Platon i 20 år. Han var lærar for Aleksander der store og grunnla sin egen skule i Athen. Denne skulen, Lykeion, kom til å bestå i over 860 år. Her bygde han ut biblioteket sitt, og her grunnla han det første naturhistoriske museum. Han var interessert i biologi, og som biolog lærte han å observera og klassifisera, men ikkje eksperimentera. Disse metodane overførte han så til andre displinar. Mens Platon danna seg ein idealstat ved hjelp av den reine tanken, studerte Aristoteles faktisk eksisterande samfunn. Gjennom systematiske skildringar av 158 ulike greske bysamfunn grunnla han (og assistentane hans) studiet av politikk bygd på erfaring. Undervisninga ved Lykeion skal ha spent over mange emne: filosofi, historie, statslære, realfag, retorikk, litteraturvistkap og diktekunst. Skriftene til Aristoteles vart i stor grad redigert av elevane, og mot slutten av middelalderen (1200 og utover) vart dei systematisert til pensum på undervisningsanstaltane. Etter kvart vart også ei rekkje aristoteliske begrep inkorporert i den kristne kyrkja. Av den grunn har tankane fått stor innflytelse på fysikkens utvikling.
Aristoteles forkasta Demokrit sin tanke om atomer, men godtok Empedokles sine element. Han seier at alle ting er samansett av dei fire element – eld, luft vatn og jord – der dei to første søkjer oppover (elden sterkare enn luft), og der dei to siste søkjer nedover (jord sterkare enn vatn). Fall blir forklart ved at dei enkelte ting søkjer som ”naturlige stad” i samsvar med sitt blandingsforhold av disse fire elementa. Men ting kan også ha ei påtvinga bevegelse, slik som ei pil som bli skoten ut av ein boge i horisontal retning. Den påtvinga bevegelsen gir altså ein annan retning enn den naturlige.
Sjølv Aristoteles fremdeles er aktuell både i statslære og logikk osv, så er fysikken hans ”gått ut på dato” Dette heng saman med bla desse to forholda:
- Han var tilhengjar av det ptolemeiske, eller det geosentriske verdensbilde, altså tanken om at jorda i ro i sentrum av et antal sfærer (kuleskall) med månen i den innerste, og deretter Merkur, Venus, Sola og dei andre kjende planetane Mars, Jupiter og Saturn, og ytterst stjernene. Den aristoteliske forestillinga om at jordiske objekt ikkje kan bevega utan ei kraft talte mot ei roterande jord, slik det heliosentriske verdensbildet til Aristarchos foreskreiv.
- Aristoteles si bevegelseslære strir mot klassisk fysikk på fleire måtar. For det første meinte han at ein gjenstand som er dobbelt så tung som ein annan, også fell dobbelt så fort, men dette strir mot Galileis lov. Dette kan relativt lett avkreftast, ved eksperiment, og det viser at Aristoteles ikkje dreiv med slikt.(Men det kan vel også avvisast med litt omtanke: Tenk deg kva som ville skjedd når mange fallskjermhopparar kobla seg saman!) For det andre meinte han at ei konstant kraft gir konstant fart, og når krafta sluttar å virka så stoppar bevegelsen. Dette er i strid med Newtons første lov.