Ein brøkfunksjon der både teljar og nevnar er polynom, kallar vi for ein rasjonal funksjon. Vi skal no sjå på ting vi treng vita om ein rasjonal funksjon, og korleis vi kan bruka dette til å tegna grafen. Eksempel er funksjonen

Det karakteristiske for brøkfunksjonar er at nevnaren ofte kan bli null. (Ofte, men ikkje alltid) Då har vi det som kallast bruddpunkt. (dette er det dei fleste kallar bruddpunkt, men ikkje Aschehoug-boka). Ein rasjonal funksjon kan ha 0, ett eller fleire bruddpunkt. I eksempelet vårt er nevnaren x + 2, som er null hvis x = -2. Så dette er bruddpunktet. Dette er den einaste verdien som x ikkje kan ha, og definisjonsmengda er derfor alle reelle tal utanom -2. Vi skriv dette Df = R \ {-2}.
Når vi nærmar oss eit bruddpunkt kan eit av to ting "skje". ENTEN går grafen "til himmels" eller "under kjellaren" (dvs. mot pluss/minus uendelig), eller så gjer det ikkje det. I første tilfelle får vi ein vertikal asymptote, i andre tilfellet får vi eit "hull" i grafen.
Når vi tegnar grafen til f(x) i GeoGebra ser vi at vi har det første tilfellet:
Her har vi også brukt funksjonen Asymptote<Objekt>, og får at asymptotane er x = -2 (vertikal asymptote) og y = 1 (horisontal asymptote)
I noken tilfeller får vi rasjonale funksjonar der nevnaren ikkje kan bli null, slik tilfellet er med funksjonen g(x) under. I dette tilfellet får vi ingen bruddpunkt. Dermed er definisjonmengda alle reelle tal, dvs. Dg = R. Asymptotane for denne funksjonen er diskutert nedanfor.
Vi kan skilja mellom eventuelle grenseverdiar når x nærmar seg eit tal a, og når x går mot uendelig.
Vi prøver å setta inn a i funksjonen, og hvis q(a) ikkje er null, er vi i mål.
2.1a tall/tall: Når q(a) er ulik null kan vi setta inn a og regna ut. Med andre ord, når a ikkje er eit bruddpunkt har vi:

Eksempel:
Vi ser igjen på funksjonen f(x) over og lar først x -> 2.

Sidan nevnaren x+2 går mot 2 + 2 = 4, så er det bare å rekna ut brøken. Teljaren x - 2 går mot 2 - 2 = 0. Dermed er grenseverdien 0. Det får vi også når vi bruker CAS.
2.1b tall / 0: Når p(a) er ulik null og q(a) = 0 går brøken mot uendelig. Då har vi ein vertikal asymptote. Sjå nedanfor.
Eksempel: Vi lar x nærma seg bruddpunktet, dvs x -> -2. Teljaren går mot -2 - 2 = -4. Nevnaren går mot -2 + 2 = 0. Det betyr at brøken går mot uendelig. Det vil sei at der er ingen grenseverdi.
2.1c 0 / 0: Ubestemt brøk. Her kan det henda at brøken har ein grenseverdi, men for å finna ut av det har vi to muligheter: ENTEN faktorisera teljar og nevnar og forkorta ELLER bruka L’Hôpitals regel (sjå 4F), som ofte er enklare.
Eksempel 1. Her faktoriserer vi teljar og forkorter:
Merk at her har vi eit "hull i grafen". f(2) eksisterer ikkje. I grafen under har eg markert dette med ein raud sirkel. Men merk at uansett kor mykje vi zoomar inn, så vil vi ikkje dette "hullet" visa på grafen.
Vi ser at grafen er ei rett linje, MEN når eg skriv f(2) (kalt "funksjonsverdi") får eg "?". GeoGebra klarer ikkje å rekna ut dette, for vi får divisjon med 0. LIKEVEL får eg 4 når eg skriv Grenseverdi(f, 2).
Eksempel 2:
Eksempelet over viste at i dette tilfelle hadde funksjonen ein grenseverdi (dvs. 4) i ein 0/0-situasjon. Men eit enkelt eksempel viser at det ikkje alltid er tilfelle:
f(x) = x/x2. Vi ser på grensa når x går mot null. Her kan vi forkorta til f(x) = 1/x. Det betyr at funksjonen oppfører seg som i tall/0-tilfellet, så f(x) går mot uendelig når x går mot null.
Utgangspunktet for denne diskusjonen er følgande:

Dette kan vi bruke til å skriva om uttrykk slik at vi får ledd i teljar og eller nevnar som går mot null.
Trikset vi då kan bruka er «å dele på den høgaste potensen av x overalt», dvs i alle ledd både i teljar og nevnar. Eksempel frå Aschehoug:
Med andre ord, kan vi samanlikna graden av teljaren med graden av nevnaren:
Eksempel 1: m > n

Funksjonen har ein vertikal asymptote x = 2. Men funksjonen går
mot uendelig når x går mot uendelig. Derfor har vi ingen horisontal
asymptote. Men i dette tilfellet har vi ein skråasymptote y = x
- 1. Vi kan finna denne ved å foreta polynomdivisjon.
Vi kan då skriva f(x) som x - 1 + 3/(x-2). Det siste leddet vil gå
mot null når x går mot uendelig. Det viser at f(x) går mot x - 1.
Av dette kan vi forstå at Betingelsen for ein skråasymptote er at m =
n +1.

Eksempel 2: m < n, (Også eksempel på rasjonal funksjon utan
brudd)

Her har vi ingen vertikal asymptote fordi nevnaren aldri kan bli null. Men vi har ein horisontal asymptote y = 0.

Eksempel 3: m = n
Vi har alt sett eksempel på dette over. No ser vi på grenseverdien under.
Sidan graden til både teljar og nevnar er 2, veit vi at går funksjonen mot
ei grense. Vi kan finna grenseverdien L på to måtar. Den eine måten er å
dividera på x2 oppe og nede (som vist før):

Ein annan måte er å sjå på dei såkalte ledande koeffisientane i teljar og nevnar. Den ledande koeffisienten er talet framfor den høgaste potensen i uttrykket. Den ledande koeffisienten i teljaren er 6 og i nevnar er den 2. Så grenseverdien er rett og slett 6/2 = 3:
Sidan grenseverdien er 3, så får vi her ein horisontal asymptote y = 3:
Definisjonsmengda for ein rasjonal funksjon er heile tallinja bortsett frå bruddpunkta, og ein rasjonal funksjon er kontinuerlig i alle punkt i definisjonsmengda.
Vertikal asymptote: når nevnaren går mot null og og teljaren ikkje går mot null får vi ein vertikal asymptote. I eksempelet under går teljaren mot -2 - 2 = -4, mens nevnaren går mot null når x går mot -2. Det betyr at x = -2 er ein vertikal asymptote:

Horisontal asymptote:
Skråasymptote: (eksempel frå økonomi)

Her treng vi ikkje gjera polynomdivisjon, sidan G(x) er på den formen vi treng. Sidan leddet 18000/x går mot null når x går mot uendelig, så ser vi at direkte G(x) nærmar seg linja y = 0.2x + 100. Dette er dermed ein skråasymptote. Grafen ser slik ut:

Vi deriverer ein rasjonal funksjon etter brøkregelen.
Som vanlig kan vi då finna ekstremalpunkt ved å løysa f'(x) = 0. I eksempelet over er f'(x) = 0.2 - 18000/x2. Når vi set dette uttrykket lik 0, og løyser, finn vi at x = +- 300.