Omvendte funksjonar

1 Definisjonen av ein funksjon

Ein funksjon kallast av og til for ein avbildning sidan den for einkvar x-verdi i definisjonsmengda Df tilordnar ein (og bare ein) y-verdi i verdimengda Vf. Uformelt tegnar vi det ofte som ein boks der vi puttar inn eit tal x, og får ut eit tal y = f(x):

For ein matematisk funksjon y = f(x) er det altså slik at kvar verdi av variabelen x bare svarar til ein verdi av y. Vi seier at funksjonar er eintydige.

2 Omvendte funksjonar (også kalla inverse funksjonar)

Ein omvendt funksjon er ein funksjon som "tar oss tilbake" dit vi starta. Dvs. hvis vi "puttar inn" talet 3 i funksjonen f og får ut talet 10, så skal den omvendte gi oss 3 tilbake når vi puttar inn 10. Altså har vi at f(3) = 10 og g(10 = 3). Dette kan vi også skriva g(f(1)) = 1. Hvis dette gjeld for alle x i Df så er g ein omvendt funksjon av f.

3 Eksistensen av ein omvendt funksjon

Så lurer vi på om vi alltid kan finna ein omvendt funksjon? Svaret er: Nei, ikkje alle funksjonar har ein omvendt funksjon. Men då blir neste spørsmål: korleis kan vi avgjera om ein funksjon har ein omvendt funksjon? For å forstå dette, er kan vi sjå litt på fire mulige måtar å avbilda tal frå ei x-mengde over på tal i ei y-mengde:

Kravet om eintydighet utelukkar ein-til-mange avbildningar, og mange-til-mange: Hvis y skal vera ein funksjon av x, så kan ikkje 1 avbildast både på 4 og 5! Så dei avbildningane som representerer funksjonar er nr 1 (ein-til-ein) og 3 (Mange-til-ein)

Men ein eventuell omvendt funksjon g(x) må også vera eintydig. Det utelukkar mange-til-ein avbildningar. For hvis x skal vera ein funksjon av y, så kan ikkje 4 avbildast på både 1 og 2! Då sit vi altså igjen med den første typen, dvs. ein-til-ein. Slike ein-til-ein-funksjonar kallast også ein-eintydige:


Vi har altså vist følgande setning:

Dette er lettast å forstå hvis vi ser på ein funksjon som ikkje er ein-eintydig. Hvis vi lar f(x) = x2, og ser på x1 = -2 og x2 = 2, så oppdagar vi at f(x1) = f(x2) = 4. Denne funksjonen er altså ikkje ein-eintydig. Hvis vi derimot ser på funksjonen f(x) = 2x, så veit vi at den er veksande i heile R. Det betyr at kravet er oppfylt. Denne funksjonen er ein-eintydig.

Horisontal-linje testen

Som regel er dette enkelt å sjå hvis vi tegnar grafen til funksjonen. Då kan vi bruka det eg kallar "horisontal-linje-testen". Det er mitt navn på ein test som blir nevnt i engelske kjelder (horizontal line test) for å avgjera om ein funksjon har ein omvendt funksjon:

Ein funksjon er ein-eintydig hvis det ikkje fins noko horisontal linje som skjer grafen på to (eller fleire) plassar. Aschehoug har denne snakkeoppgava:

Under har vi sett på funksjonen f(x) = x2, og samanlikna den med funksjonen f(x) = x3. Vi ser at den første stryk på testen vår, mens det ser ut til at den andre består: For uansett kor vi ligg linja vår (linjene y = -2 og y = 2 er tegna inn) så finn vi at den skjer grafen bare på ein stad. I det første tilfellet rekk det å finna ei linje med fleire skjæringspunkt. I det andre tilfellet må vi bevisa det. Sidan vi veit at f'(x) = x2. så veit vi også at funksjonen er veksande for alle x utenom 0. Grafen har eit stasjonært punkt i x = 0, men dette er eit terrasspunkt, og det gir oss ingen problem.

Kontinuerlige funksjonar

Dei funksjonane vi har sett på til no, er kontinuerlige. Og då fins det ein annan måte å bestemma om ein funksjon har ein omvendt funksjon:
Ein kontinuerlig funksjon er ein-eintydig hvis den er veksande eller minkande i heile definisjonsmengda. Derfor er det riktig det Sinus skriv:

Men ikkje-kontinuerlige funksjonar kan også ha ein omvendt funksjon, fordi dei kan vera ein-eintydige. Her er eit eksempel frå ei eksamensoppgave i R1 (V24)

Funksjonar med begrensa definisjonsmengde

Vi har sett at funksjonen f(x) = x2 ikkje har ein omvendt funksjon. Men hvis vi begrenser definisjonsmengda, kan vi fiksa det. Vi kan feks. setja Df = [0, -> >, og då blir den nye funksjonen veksande i heile definisjonsmengda.

Då skal du vera i stand til å svara på følgande oppgave:

Hvis vi bruker horisontal-linje-testen, ser vi at for dei to første vil ei horisontal linje aldri kryssa grafen meir enn ein gong. Så begge disse er ein-eintydige, og har derfor ein omvendt funksjon.
NB: vi må sjekka særlig endepunkta for dei to delene funksjonen består av.

Men i den siste vil for eksempel linja y = 0 kryssa grafen tre stader. Denne har derfor ikkje ein omvendt funksjon. Ein liten kommentar her: Dette ser ut til å vera ein tredjegradsfunksjon, og det viser at i det generelle tilfellet har ikkje ein tredjegradsfunksjon ein omvendt funksjon. Men noken har, slik som f(x) = x3, som vi har sett.

4 Å finna den omvendte funksjonen

Når vi har gitt uttrykket til funksjonen f(x), så kan vi prøva å løysa dette med hensyn på x. Dette kan vi gjera ved rekning, eller med CAS. Sjå Eksempel side 155.

Noken gonger definerer vi nye funksjonar som den omvendte av ein annan funksjon. For eksempel:

5 Egenskapane til omvendte funksjonar

Symmetriar

Vi kan sei at grafen til funksjonen f(x) består av alle punkt (a,b) slik at b = f(a). Grafen til den omvendte funksjonen g består av alle punkt (b,a).
Vi kan visa at punkta (a,b) og (b,a) ligg symmetrisk om linja y = x. (Sjå side 159). Då blir grafen til g(x) ein speiling av grafen til f(x) om denne linja:

Definisjons- og verdimengde

Verdimengden til f, dvs. mengden av alle y-verdiane som funksjonen f gir oss, er også den mengda vi kan plukka argument (enten vi skriv dei som x eller y) til funksjonen g frå. Derfor har vi at Dg = Vf. Og motsatt er verdimengden til g den mengden vi kan plukka argument til for f(x). Då har vi altså at Vg = Df.

Den deriverte

Ved hjelp av definisjonen f(g(x)) = x, og derivera denne med kjerneregelen, så finn vi at f'(g(x) * g'(x) = 1, eller g'(x) = 1 / f'(g(x)):

REFS

Én-entydige funksjoner NDLA