Ein måte å forstå logaritmer på er å definera det som ein omvendt funksjon.
Ein funksjon gir ein eller annan funksjonsverdi når vi puttar inn eit argument. Den inverse eller omvendte funksjonen er den som gir oss tilbake det vi starta med:
Våre funksjonar handlar om tal. Vi har ein funksjon f som er slik at når vi puttar inn x = 5, så får vi ut y = 8. Hvis det fins ein omvendt funksjon til f, kallar vi den for f-1. Den skal vera slik at når vi puttar inn 8, så får vi tilbake 5.

Kva vi kallar disse funksjonane vil variera. Poenget er at hvis vi har to funksjonar (her kalla f og g), så er dei omvendte av kvarandre hvis denne betingelsen er oppfylt. (Figur frå R1)
Funksjonane f(x) = x2 og g(x) =√x
Hvis vi held oss til positive tal, så er det slik at når vi kvadrerer 2, så får vi 4, og når vi tar kvadratrota av 4, så er vi tilbake på 2. Slik er det med alle positive tal. Det betyr at når vi begrenser definsisjonsmengda til x2, så finn vi at √x den omvendte funksjonen til x2.
Kva er så den omvendte funksjonen til 10x ? Vi kallar den bare lg(x), eller den Briggske logaritmen / tierlogaritmen. Det betyr at lg(x) må oppfylla følgande betingelse:

Kva er logaritmen til 1000? Etter definisjonen er det det talet vi må opphøya 10 i for å få 1000. Og det er jo 3, fordi 103 = 1000. På samme måten er lg 100 000 = 5, fordi 105 = 100 000. Og vi ser også at lg 1 = 0, fordi 100 = 1. Samtidg har vi at lg 0.01 = .2 fordi 10-2 = 0.01, osv. Vi kan samanfatta dette i følgande tabell:
For å finna tierlogaritmen til andre tal, kan vi først gjera det grafisk. For å finna lg 7 lagar vi grafen til 10x. Så legg vi inn linja y = 7, og finn skjeringspunktet mellom grafen og linja. lg 7 er x-verdien til dette punktet, dvs ca 0.85.

Frå grafen kan vi finna fleire verdiar:

No kan vi tegna grafen til lg ved å bruka p-tala langs den horisontale aksen (x-aksen) og lg p langs den vertikal (y-aksen). Då får vi ein slik graf:

Sidan 10x > 0 for alle x, så fins det ingen løysing for 10x = k når k < 0. Det betyr at lg ikkje er definert for negative tal, altså at Df = R+. Men vi kan få ut alle mulige verdiar, så verdimengda, Vf = R.
På same måten kan vi definera den omvendte funksjonen til funksjonen ex, der e er Eulertalet 2.718281846 ... Denne funksjonen definerer vi som den naturlige logaritmen, eller ln x. For denne logaritmen gjeld:

Det fins ein samanheng mellom lg x og ln x, som er gitt ved:

Ein kan definera logaritmer basert på andre tal enn 10 eller e. Vi kallar dette talet for grunntal eller base:

For eksempel kan vi bruka 2 som base. Den logaritmen vi får då kallast log2. Då ser vi at log2 64 = 6 fordi 26 = 64.
For å skifta mellom to basar fins det ein generell regel: (Hvis vi set b = 10, og a = e, så får vi samanhengen ovanfor)

Ein kan visa følgande setningar for alle typar logaritmer:


