Når vi snakkar om grenseverdiar, spør vi om ka verdi ein funksjon eller eit uttrykk går mot når x går mot eit tal, eller mot uendelig. Det siste er kanskje enklast å få grep på, så la oss starta med å sjå på definisjonen (den som eg bruker) for eulertalet:
Her er altså eulertalet e er her definert som grenseverdien for uttrykket (1 + 1/n)n når n går mot uendelig. Hvis vi definerer funksjonen f(x) = (1 + 1/x)x , og plottar den, får vi dette:

Vi ser at f(x) nærmar seg y = 2.7182182 ... når x går mot uendelig, akkurat slik definisjonen seier. Det betyr at f(x) har grenseverdien e, når x går mot uendelig. Den raude linja kallast ein horisontal asymptote for f(x).
Langt frå alle funksjonar går mot ei grense når x går mot uendelig. For eksempel vil andregradsfunksjonen f(x) = x2 gå mot uendelig når x går mot uendelig. Då seier vi at denne grenseverdien ikkje eksisterer. Ein grenseverdi er altså det talet som f(x) nærmar seg.
Når vi snakkar om grenseverdiar meiner vi altså grensa for y, eller
funksjonsverdien f(x). Men no spør vi etter kva f(x) går mot når x går
mot (nærmar seg) eit tal a?
Hvis denne grenseverdien eksisterer, så kan vi skriva f(x) → b
når x → a. Men det er vanligast å skriva:

Definisjon: f(x) → b når x → a betyr at "vi kan få
f(x) så nær b vi vil, hvis vi velger x nær nok a".
Ein skikkelig matematisk definisjon fins for dette, men det er dette det
betyr. Under er eit forsøk på å illustrera dette grafisk:

Vi ser på funksjonen f(x) = x + 2, og spør: kva verdi nærmar funksjonen seg når x→ 2? Med andre ord, kva er grenseverdien?
Vi kan vel bli enige om at grenseverdien her er b = 4? For hvis vi kan velja | x - 2 | så liten vi bare vil, så betyr det at vi kan få | f(x) - 4 | så liten vi vil.
Men hvis funksjonen er gitt ved funksjonsuttrykket under, kva blir grenseverdien då? Dette er ein funksjon eller graf med "hol", for f(2) eksisterer jo ikkje. Men likevel vil grenseverdien eksistera! Grunnen er at for alle andre verdiar, så kan vi forkorta brøken og få uttrykket x + 2. Som vi veit har denne grenseverdien 4. Så hvis vi bare sørger for at x ≠ 2, så kan vi fremdeles få funksjonsverdien så nær 4 vi bare vil. Og det er altså alt vi krever for å sei at funksjonen har ein grenseverdi. Vi krever ikkje at differansen mellom f(x) og b må bli null. Vi krever bare at vi kan få den så liten vi bare vil. Derfor er det faktisk ikkje nødvendig at f(a) eksisterer.
Lærebøkene elskar funksjonar med såkalt delt funksjonsuttrykk. Eksempel er funksjonen under som er sett saman av to deler:
For å finna grenseverdien for denne funksjonen når x → 0,
må vi sjekka begge uttrykka. Den venstresidige grenseverdien, er grenseverdien
for funksjonen x2, som er 0. Den høgresidige er grenseverdien
for funksjonen x/2, som også er 0. Sidan disse er like, kan vi slå
fast at grenseverdien eksisterer, og er lik 0.
Det er ikkje vanskelig å endra på funksjonen over slik at den ikkje heng saman. Då ser vi at for a = 0, så ser vi at den venstresidige grenseverdien (fremdeles 0) ikkje er lik den høgresidige, som er 2. Så her eksisterer ikkje grenseverdien.
Vi ser no på den rasjonale funksjonen

Grafen er vist nedanfor. Her ser vi at når x går mot 2, så går funksjonsverdien til pluss minus uendelig. Så heller ikkje her eksisterer grenseverdien.
Les meir om grenseverdiar og asymptoter for rasjonale funksjonar.
Funksjonen under er av ein annan type. Vi ser at grafen svingar mellom 1 og -1, og når x går mot null, vil svingningane bli tettare og tettare. Så funksjonen går ikkje mot nokon bestemt verdi når x går mot null. Med andre ord: funksjonen har ingen grenseverdi for x = 0.