Det viktigaste å få med seg her, er
I staden for Utforsk grenseverdiar på side 51, har vi gjort ein annan utforskingsoppgave. Vi såg på funksjonen f(x) under, og lurte på ka går f(x) mot når x-verdien nærmar seg 2?
Vi jobba med programmet grenseverdi.py (ligg også på It's Learning -> kode)


Vi har her sannsynliggjort at grenseverdien av f(x) er 12. Det er den funksjonsverdien f(x) går mot når x går mot 2. Vi kan skriva det slik: f(x) ⭢12 når x ⭢ 2.
Det interessante med denne funksjonen er at f(2) ikkje eksisterer! Korleis kan vi då ha ein grenseverdi?
I staden for å la eit program rekna på funksjonsverdiar, kan vi også gjera det for hånd. Så vi ser på følgande oppgave frå Aschehoug:

På denne måten kan vi sannsynliggjera at g(x) ⭢ 6 når x ⭢ 3
Som vi skal sjå seinare, så er det ikkje alltid det fins ein grenseverdi. Men hvis det er slik at funksjonsverdien f(x) nærmar seg ein bestemt verdi b når x nærmar seg a, så seier vi at b er grenseverdien av f(x) når x går mot a. Under er eit forsøk på å illustrera dette grafisk:

Dette kan vi skriva på to måtar: Enten f(x) ⭢ b når x ⭢ a eller:

Ein annan måte å forklare grenser på, er at vi kan få f(x) så nær
b som vi vil, hvis vi veljer x nær nok a. Dette kan
uttrykkjast på ein presis matematisk måte, og det er den formelle
definisjonen av ei grense.
For å finna grenseverdiar, har vi av og til bruka for noken reglar. Først
to som er ganske opplagte, men likevel nødvendige:

Deretter fire til. Disse er nesten dei same som det vår bok kallar "Grenseverdisetningane". Dette er reglar som begge læreverka brukar uten å bevisa dei.

Hvis vi set g(x) = k (dvs. ein konstant), i regel 3, så ser vi at
den blir den same regelen som den nestsiste i Sinus, som vi med ord kan
skriva slik:
Grenseverdien av k * f(x) er lik k * grenseverdien av f(x).
Ka så? Ka betyr dette for oss?
Når vi bruker disse reglane, finn vi feks at (Eksempel frå Aschehoug)
Dette betyr i praksis at for polynomer og rasjonale funksjonar, så kan vi
finna grenseverdien rett og slett ved å setta inn a, og rekna ut, så lenge
vi ikkje deler med null.
Hvis f(x) er ein polynomfunksjon, eller ein rasjonal funksjon der f(a)
eksisterer, så har vi altså at:

Dette er det same same som å sei at polynomfunksjonar og rasjonale funksjonar er kontinuerlige.
Vi kan la x gå mot a, både frå venstre ("minus-sida") og frå høgre ("pluss-sida"). Dette kallar vi for einsidige grenseverdiar, og skriv:

NB: For at ein funksjon skal seiast å ha ein grenseverdi for a, så må begge disse eksistera, og vera like.
Sjå Rasjonale funksjonar.
Definisjonen av kontinuitet er todelt:
Sinus-boka seier at polynomfunksjonar og rasjonale funksjonar er kontinuerlige. Eg klipper dette frå Aschehoug, sidan det går litt lenger enn Sinus:
Samansetningar av kontinuerlige funksjonar:
Den siste setningen betyr at funksjonar som feks f(x) = x2 + lg(x) eller g(x) = ln(x3 - 2x) er kontinuerlige.
Her må du egentlig bare bruka definisjonen av kontinuitet. Dette er funksjonar som er sett saman av kontinuerlige funksjonar men du må sjekka delingspunkta.
I Geogebra kan du tegna slike funksjonar med kommandoen Dersom( <Vilkår>, <Så>, <Elles> ). Hvis du har to delingspunkt kan du skriva: Dersom( <Vilkår1>, <Så>, <Vilkår2>, <Så>,<Elles> )
0/0 er i utgangspunktet ein ubestemt verdi. Så funksjonen kan enten ha ein grenseverdi, eller ikkje. Det er fleire måtar å finna det ut på:
Eksempel: Funksjon med "hull" tilsvarande utforskingsoppgave 1 over.
Grenseverdien eksisterer:

Eksempel 2: Her kan vi forkorte, men får 2 / 0, altså går brøken mot uendelig. Her eksisterer ikkje grenseverdien:
Det står meir om dette i Rasjonale funksjonar.
Sinus-boka har ein metode dei kallar "delta-x"-metoden (side 72). Denne hoppar eg over, men les gjerne sjøl.
Det er derimot skal gå gjennom, er L'Hopitals regel. (Aschehoug tar også med den.) Dette tar vi etter derivasjon.
Bevis for grensesetningane: Calculus/Proofs
of Some Basic Limit Rules.