Python: matematiske funksjonar


I tillegg til dei innebygde funksjonane har Python mange matematiske funksjonar. Dei vanligaste finn du i bibioteket math. Her er ei liste med dei (fleste) som vi har bruk for, med lenker. Sjå alle funksjonane her. Ellers kan du finna endå fleire mattefunksjonar i biblioteket numpy.

Funksjonar frå mattebiblioteket math.

For å bruka dette må vi importera biblioteket ,feks. ved å skriva import math. I programmet må vi då bruka prefikset "math" framfor funksjonen. For eksempel heiter cosinus-funksjonen math.cos(x)

Funksjon Beskrivelse Eksempel
ceil(x) Returnerer det minste heiltalet som er større enn x. Sjå også floor() og trunc(). ceil(3.14) gir 4 ceil(-3.14) gir -3
cos(x) Returnerer cosinus til ein vinkel x i radianer. Sjå også radians(). Den omvendte funksjonen heiter acos(). cos(1.57) gir 0.0007963267107332633
e Gir ein tilnærmingsverdi av eulers tal e e gir 2.718281828459045
degrees(x) Konverterer vinkelen x frå radianer til grader. Den omvendte funksjonen heiter radians(). degrees(1.5707963267948966) gir 90.0
exp(x) Returnerer ex: exp(10) gir 22026.465794806718
factorial(x) Returnerer x! (x fakultet) factorial(4) gir 24
floor(x) Returnerer det største heiltalet som er mindre enn x. Sjå også ceil() og trunc(). floor(3.14) gir 3 floor(-3.14) gir  -4
gcd(a,b) Returnerer største felles faktor av heiltala a og b gcd(20, 12) gir  4
hypot(x,y) Returnerer lengden av hypotenusen i ein rettvinkla trekant der katetane er x og y. hypot(3,4) gir 5.0
log(x) Returnerer den naturlige logaritmen av x, dvs ln(x): log(3) gir 1.0986122886681098
log10(x) Gir tierlogaritmen av x, dvs. log(x). log10(1000) gir 3.0
sin(x) Returnerer sinus til vinkelen x i radianer. Sjå også radians(). Den omvendte funksjonen heiter asin(). sin(1.57) gir 0.9999996829318346
radians(x) Konverterer vinkelen x frå grader til radianer. Sjå også degrees(). radians(90) gir 1.5707963267948966 (dvs. pi/2)
sqrt(x) Returnerer kvadratrota av x sqrt(9) gir 3.0
trunc(x) Returnerer heiltallsverdien av x, dvs funksjonen fjernar desimalane etter komma. Sjå også ceil() og floor(). trunc(1.999) gir 1 trunc(-1.999) gir -1
pi Gir ein tilnærmingsverdi av pi. pi gir 3.141592653589793
tan(x) Gir tangens til vinkelen x i radianer. Sjå også radians(). Den inverse funksjonen heiter atan(): tan(0.7853981633974483) gir 0.9999999999999999