Programvare i faget IT1 og ProgX
19 august 2016IT1
På same måten som læreboka, legg eg opp til at vi bare skal bruka gratisvare, men at den som vil kan kjøpa lisensar til betalingsvare. Men i såfall må du vera forberedt på at du i ikkje kan forventa at eg alltid kan svara på spørsmål om du står fast.
Nødvendige program:
Følgande program kjem vi til å bruka mykje. Du har sjøl ansvaret for å
innstallera program og halda dei oppdatert (men du får hjelp). Det er også
viktig at du held datamaskinen din ryddig og fri for skadelige program.
Det er også anbefalt at du ikkje bruker Skype og liknande program mens du
jobber med disse (spesielt WAMP) sidan det kan blokkera for
- Websider: Vi bruker Notepad++ til det meste. Dette er ein enkel editor som hjelper i kode ved at fargelegg koden. Har du lyst til også å bruka ein WYSIWYG-editor, så kan du prøva BlueGriffon (velg riktig versjon) eller Dreamweaver. Den første er gratis, men ganske bra. Den andre kostar pengar, men har veldig mykje funksjonalitet.
- Bildebehandling: Her bruker GIMP. Denne er gratis, men du kan evt bruka Photoshop eller tilsvarande program om du vil.
- Datamodellering: Vi bruker Mysql Workbench, som også er gratis.
- Web- og databaseserver: Her bruker vi for mysql er begge innebygd i WAMP-pakken som har innebyd Apache (webserver), MySQL (databaseserver) og PHP (skriptspråk). WAMP er for Windows. For Mac fins det ein variant som kallast MAMP.
Andre program:
Dette er programvare som kan vera nyttige å ha til noken oppgaver:
- Programmet HxD kan brukast til å opna / editera filer i Hex-kode.
- Hvis vi skal driva med lydredigering så kan programmet Audacity vera aktuelt.
- For nøyaktig ripping av CD mm bruker eg Exact Audio Copy som gir lite feil.
- Bare for å ha tatt det med på lista: Fiddler er et nyttig program til sitt bruk, men eg veit ikkje om vi treng det.
ProgX
Anaconda er ein samling med ulike verktøy som installerer Python slik at datamaskinen kan tolka og kjøra dette språket. Den inneheld også ein såkalt IDE (Integrated Development Environment) som heiter Spyder. Eit IDE er eit program som vi kan bruka til å skrive andre programmer. Så Spyder gir oss mulighet til både å skriva, testa og kjøra Python-program.