Pardanning

Fotoner som har større energi enn 1.02 MeV kan vekselvirka med ei atomkjerne og danna eit elektron-positron par. Denne energien er akkurat nok til masseenergien til elektronet og positronet. (0.51 MeV kvar). Overskytande energi vil bli delt mellom disse to partiklane som vil forårsaka ionisering i det materiale dei bevegar seg i. Positronet vil til slutt bli innfanga av eit elektron, og dei vil annihilera. Dette resulterer i to fotoner, kvar med energi på 0.51 MeV. Disse fotonene vil så igjen tapa energi ved Comptonspredning eller ved den fotoelektriske effekten.


Figur 2.9: Pardanning.