Tycho Brahes verdenssystem

23 februar 2017

Tycho Brahe visste at det ptolemeiske (geosentriske) verdenssystemet ikkje var ein god modell for solsystemet, men aksepterte heller ikkje det kopernikanske  (heliosentriske) systemet fordi han kunne ikkje godta at ein så stor gjenstand som jorda kunne flytta seg! Derfor konstruerte han sitt eget system, som var eit slags kompromiss mellom det ptolemeiske og det kopernikanske:

Han plasserer jorda i midten akkurat som i det klassiske verdensbildet, og rundt jorda plasserer han innerst månen, og lengre ute sola. Men i staden for å la dei andre planeten også kretsa om jorda, så lar han disse kretsa om sola. Ytterst er stjernenes sfære.

Dette systemet løyste nokre fundamentale problem uten å skapa nye. Det forklarer dei ytre planetenes retrograde bevegelse og at dei indre planetene, Merkur og Venus, ikkje fjernar seg særlig langt frå sola. Det skaper heller ikkje problem med fiksstjerneparallaksen sidan den ikkje var mulig å observera på den tida. Med den tids teknikk var det ikkje mulig å påvisa gjennom observasjoner om det var det kopernikanske systemet eller Tycho sitt system som var det rigtigaste.

Men Tycho sitt system vant anerkjennelse i mange år, og var ein periode foretrekt framfor det kopernikanske. Den katolske kyrkja, kanskje spesielt jesuittane, likte Tycho sitt system best, nettopp fordi det ikkje flytta Jorda vekk fra verdens sentrum.

Egentlig er systema til Tycho Brahe og Copernicus likeverdige. Forskjellen er kor det plasserer sitt referansesystem. Det kopernikanske systemet har sola som referansesystem, mens Brahe sitt har jorda. Men hvis ein ser på dei innbyrdes avstandane mellom ulike planeter, og vinklane mellom disse linjene, så er dei like.