Kva "The Martian" kan læra oss:

16 November 2015 martian

I filmen the Martian er astronauten  Mark Watney (Matt Damon) stranda aleine på Mars. Han har ingen måte å kommunisera med jorda på, men så huskar han at romsonden Mars Pathfinder hadde landa like i nærheten i 1997. Han grev den opp, tar den med til basen og fiksar den! Denne sonden har eit kamera festa til ei stang, og dette kameraet er fjernstyrt frå jorda og kan rotera 360 grader. Dermed set han set opp skilt. Eit med påskrifta "kan de sjå meg", og to skilt med hhv. "nei" og "ja". Stor er gleden då han ser at NASA snur kameraet mot "ja"! Det han egentlig har gjort er å motta ein bit med informasjon. Ein bit har to verdiar 0 eller 1, men kan også tolkast  "ja" eller "nei". Men Mark kan gjera betre enn denne binære* koden. Sidan kameraet kan snu 360 grader, så finn han ut at han kan festa mange fleire skilt enn bare to. Men det å bruka alle dei 26 bokstavane i det engelske alfabetet finn han ut er for vanskelig. Får då blir det ikkje mulig å sjå kor kameraet peikar med så lite rom mellom. Så han landar på ein mellomting, nemlig 17 skilt. Han set opp skilt med disse seksten tegna: 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 A B C D E F, og då har han også plass til eit syttande skilt der han kan skriva sine egne meldingar med vanlige bokstavar. Altså: mens han sjøl kan senda ei heil setning til jorda, så må han motta jorda sine meldingar til han eit tegn om gangen. Eller - rettare sagt, eit halvt tegn om gangen! Korleis kan det ha seg? Jo, han har bestemt seg for å bruka ACII-koden, der kvar bokstav består av to heksadesimale siffer. Eit heksadesmalt siffer er nettopp eit siffer med 16 mulige verdiar frå 0 - 9, og A - F. Det han bruker er følgande tabell: 

ascii

Når han får sifferet 4 og etterpå sifferet F, så har han altså mottatt bokstaven "O", i henhold til tabellen.
Han mottar no tre meldingar:
1. 48 4F 57 41 4C 49 56 45
2. 43 52 4F 50 53 3F
3. 42 52 49 4E 47 53 4A 52 4E 52 4F 55 54


Bruk tabellen over til å finna ut ka det betyr! (svar under neste bilde)

martian

1. HOW ALIVE — NASA lurer på korleis Watney klarte å overleva i nesten 100 dagar på Mars inntil dette punktet i filmen.
2. CROPS? — NASA lurer på korleis Watney klarte å dyrka mat på Mars.
3. BRING SJRNR OUT — NASA ber Watney henta Sojourner-roveren (bilen) for å bruka den til å laga ein enklare måte å kommunisera på.

Hvis du fremdeles lurer på korleis denne kommunikasjonen foregjekk, kan du gjerne sjå på denne videosnutten der opplegget er simulert vha lego!

Korleis det går med den gode Mark Watney skal eg kanskje ikkje røpa. Det held å sei at han klarer å hacka inn på roveren og derved kommunisera lettare, men at det ikkje blir kommunikasjonen som blir hans største utfordring. :)

* Hvis du lurer på korleis vi kan rekna om frå vanlige (desimal-) tal til binære tal, så kan du lesa om binærtall eller Number conversion.

Kjelde: This is the code Matt Damon and NASA use to communicate in 'The Martian'