Lesing av datafil og plotting

Vi skal sjå på eit program som les ei datafil og plottar innhaldet eit rettlinja bevegelse med konstant fart.

Data

Tekstfiler

Ei tekstfil inneheld lesbar tekst. Tekstfiler med ekstensjonen .txt kan du opna med vanlig notisblokk eller liknande program. Vi skal bruka fila temperaturdata.txt. Her er eit utsnitt av fila:

I første kolonne har vi årstalet, og i andre kolonne har vi den relative temperaturen i forhold til gjennomsnittet av den globale temperaturen i perioden 1951 til 1980.

Program:

Vi bruker funksjonen loadtxt som ligg i biblioteket numpy, og lagrar i variabelen data. Dette blir ein todimensjonal array, dvs. ein tabell. Vi kan henta ut kolonnene kvar for seg vha. såkalt slicing. Så tid = data[:,0] tar ut alle rader i kolonne med indeks 0, dvs den første. Husk at vi begynner å telja frå 0! Vi gjer tilsvarande for temperatur, og deretter plotter vi med aar langs den horisontale aksen og temperatur langs den vertikale.


import numpy as np
import matplotlib.pyplot as plt

data = np.loadtxt("temperaturdata.txt")

aar = data[:,0]         # Plukkar ut venstre kolonne og legg i aar
temperatur = data[:,1]  # Plukkar ut høgre kolonne og legg i temperatur

plt.plot(aar,temperatur,'r')
plt.title("Endring i global temperatur")
plt.xlabel("År")
plt.ylabel("Temperaturendring [K]")
plt.grid()
plt.show()                                  
    

Kjøring

Når vi kjører programmet får vi denne grafen under. Du kan lesa meir om plotting her: Graftegning med Matplotlib.