Vi skal sjå på eit program som glattar data ved hjelp av glidande gjennomsnitt.
Data er henta frå SSB (Statistisk sentralbyrå) og representerer prosentandelen av jenter i alderen 16-24 som handlar på nett i åra 2003 - 2020.
Når vi plottar data i eit linjediagram ser det slik ut:


Når vi tar utgangspunkt i året 2006, og så reknar gjennomsnittet for åra 2003 til 2009, så blir det 28.7 Dette talet tenkjer vi representerer prosentandelen for 2006. Så gjer vi same utrekning for åra 2004 til 2010, dvs. vi flyttar vinduet vårt 1 til høgre:
Slik fortset vi heilt til vi har fyllt inn for så mange år vi kan, dvs. frå og med år 2006 til og med 2017. Då endar vi opp med denne tabellen:
Sidan vi ikkje har rekna gjennomsnitt for alle data, men bare i eit vindu som vi har latt gli frå venstre mot høgre, kallast dette eit glidande gjennomsnitt. Når vi plottar disse gjennomsnittsdataene får vi ein glattare kurve. Merk at vi ikkje har data for dei tre første åra og dei tre siste, sidan vi reknar snittet frå tre år før til tre år etter.
No skal vi sjå korleis vi kan gjera dette i Python. Det første vi har behov for, er å plukka ut ein del av ei liste. Det kallast slicing. Hvis vi lagar ei liste med data, så kan vi plukka ut dei første sju ved å skriva data[0:7]. Denne tar med seg data frå lista med indeksar frå og med 0 til, men ikkje med, 7. Det siste datapunktet som blir med her er altså data[6], dvs talet 41.
data = [7, 23, 21, 45, 27, 37, 41, 53, 47, 49, 69, 68, 55, 68, 69, 64, 78, 73]
slais = data[0:7]
print(slais)
Uskriften blir: [7, 23, 21, 45, 27, 37, 41]
Det neste vi treng er å finna gjennomsnittet av utplukket vårt. Der fins det feks. ein grei funksjon i biblioteket numpy som heiter "mean". Så vi kan skriva:
np.mean(data[0:7])
28.714285714285715
Husk at dette er det same som å finna np.mean([7, 23, 21, 45, 27, 37, 41]) Vi ser at dette stemmer med det første talet vi fant over. Den siste utfordringen vi har er å skyva vinduet vårt frå venstre mot høgre. Det kan vi gjera med ei for-løkke der i går frå 3 til og med 14. For å få til dette skriv vi for i in range(k,len(data)-k). Sidan len(data) er antalet element i lista data, dvs. 18, så som koker dette ned til for i in range(3,15). Husk at range stoppar ein før 15! Variabelen i svarar til indeksen i lista data, som vist i figuren over. For kvar i reknar vi ut gjennomsnittet av data med indeksar frå og med i - k til og med i + k. Dette får vi til ved å skriva np.mean(data[(i - k):(i + k + 1)]). Når vi har rekna ut eit tal, legg vi det til i lista gdata med metoden append().
import matplotlib.pyplot as plt
import numpy as np
# Liste med år frå og med 2003 til og med 2020:
aar = list(range(2003, 2021))
# Rådata: liste med prosentandelene for jentene:
data = [7, 23, 21, 45, 27, 37, 41, 53, 47, 49, 69, 68, 55, 68, 69, 64, 78, 73]
k = 3 # Kor mange punkt på kvar side vi skal ta med i snittet
gaar = aar[k:len(data)-k] # Liste med årstal for den glatta kurven
gdata = [] # tom liste for glatta data
for i in range(k, len(data) - k): # beregnar glatta verdiar
gdata.append(np.mean(data[(i - k):(i + k + 1)]))
plt.plot(aar, data,'b.',label="rådata") # plotter data som punkt
plt.plot(gaar, gdata, "c",label="glatta") # plottar gdata som linje
plt.title("Glatting av data vha. glidande gjennomsnitt")
plt.xlabel("År") # gir navn til x-aksen
plt.ylabel("Andel handlet (prosent)") # gir navn til y-aksen
plt.xlim(2002, 2020) # gir verdiene vi vil vise for x-aksen
plt.ylim(0, 100) # gir verdiene vi vil vise for y-aksen
plt.legend(loc='lower right')
plt.grid()
plt.show()
Når vi kjører programmet får vi denne grafen under. Det er basert på Graftegning med Matplotlib.

Ulempen med metoden blir veldig tydelig her. Vi får ein graf som manglar tre år i starten og tre på slutten, dvs. seks av 18 år. Hvis du ikkje kan leva med det, kan du gjerne prøva med andre verdiar av k. Men jo mindre k, jo mindre glatt blir kurven. Men det fins også andre metodar å prøva.