Historiske stadionar i Hellas

Denne artikkelen fortel om dei gamle idrettsbanane i Hellas, og litt om dei konkurransane som vart haldne der.

Kva betyr egentlig ordet Stadion?

Men først litt om ordet stadion. Historisk kan det visa til ulike ting:

For å begynna med det siste først: Kan opprinnelsen vera ståplassane til publikum? Var det rett og slett 'staden der ein står'? Dei eldste idrettsanlegga var i utgangspunktet bare flate marker. Faste sitjeplassar (i stein) kom først mykje seinare. Dessuten hadde dei alt eit ord for sjølve løpebanen, δρόμος. Wiktionary-artikkelen στάδιον støtter tilsynelatande dette når den seier: "Uncertain, but possibly from στάδιος (stádios, “firm, fixed”), from Proto-Indo-European *steh₂- (“to stand”). Også vårt norske ord stad Norsk "stad", som kjem via det norrøne "staðr", kjem av denne rota. Men sjøl om denne forklaringa virkar forlokkande enkel, så er den ikkje støtta av historiske kjelder. Herodot, for eksempel, bruker stadion først og fremst som et lengdemål. Dessuten: når dei i den tidlige fasen ikkje hadde noko opparbeida ståplass rundt banen, så trengte dei knapt noko ord for dette området.

Men så kan hobbyetymologen spørja: "Sidan stádios, betyr “firm, fixed”, kva var dette "faste"?. Ein kan tenkja seg at dette viser til endesteinen på banen som markerte mål eller også vendepunktet for løp over fleire lengder. Stadionet i Olympia (i dagens betydning) har blitt flytta fleire gonger. Løpebanen på dagens stadion er markert med to steiner med omlag 192 m avstand, som då angir starten og mål på banen. Og disse stod jo fast. Men sjølve den fysiske avstanden var ikkje så veldig fast! I Nemea var lengden av løpebanen omlag 178 m, mens den i Olympia var 192 m. Historikarane tar ingen sjansar, og estimerer den til å vera mellom 150 m og 210 m. Svaret på vår innvending er at sjøl om banelengden i meter varierer, så var den alltid 600 fot. Her må vi huska at meteren er ein moderne oppfinnelse. Rett nok hadde dei gamle grekarane begynt å standardisera lengdemål. På agoraen i Athen og i andre greske byer er det funne lange steinbenker eller bygningsfundamenter med innhogde linjer som markerer ulike lengder: fot (pous), alen (pygme eller pechys), og noen ganger heile favner (orgyia). Og då kunne ein tenkja seg at ein kunne kalibrera sitt bærbare lengdemål, feks. ein stokk, etter dette. Dette ville nok gitt litt betre samsvar mellom stadionane i Olympia og andre stader, så vi får nesten anta at det ikkje vart gjort. Det vi må anta er at dei skritta opp 600 fot, og det var det! Korfor brydde dei seg ikkje? Fordi dei hadde uansett ikkje nokon måte å måla tider på som var nøyaktige nok. Så det hadde ingen hensikt å ha eit nøyaktig oppmålt stadion.

Konklusjon

Stadion-løpet var altså grekarane sin sprint-øvelse. Dei hadde til og med eit ord for sprintarane: Stadiódromos. Distansen var 600 fot, tilsvarande ca. 190 meter. Det "faste" i dette var både antalet fot og det at lengden var tydelig markert med steinar. Grekarane var levande opptekne av kven som vant øvelsen, og disse vart registerte for ettertida. Men dei kunne ikkje "ta tida".

Så kva kom først? Historien peikar mot lengdemålet. Først kom den praktiske enheten '600 fot', og mykje tyder på at dette lengdemålet allerede var etablert i sjøfart og bygningskonstruksjon. Så vart denne distansen etablert som det ultimate løpet stadion-løpet, for stadiódromoi. Og til slutt fekk sjølve arenaen navn etter den prestisjetunge øvelsen som definerte den. Ordet 'stadion' rommer dermed hele veien frå ein jordvoll ved ein løpebane til vår tids gigantiske flomlysarenaer – og det heile starte med dei 600 føtene mellom to faste steinar.

Korleis var ein stadion bygd opp?

Byggeteknikk og forarbeid

Eit stadion vart plassert der det var enklast, som i ein liten dal, eller på ei flate, og gjerne med skrånande bakkar rundt. Dei var bygde hovedsakelig av stein og jord. Hovedplanen var rektangulære smale stadioner.

Men for å få nok flate til løpebanen måtte ein laga støttemurar i varierande grad. I Nemea vart den nedre delen av stadionbanen murt opp for å skapa ei jevn og stabil løpeflate. Dette var nødvendig på grunn av det varierende terrenget i området, som kunne være ganske ujevnt. I Delfi var utfordringene knytta til terrenget endå større enn i Nemea. Banen i Delfi ligg i eit fjellområde med bratte skråningar, noko som gjorde det nødvendig med omfattande terrengjusteringar for å skapa ein passande arena for idrettskonkurransar. I Epidavros var det ikkje like stort behov for støttemurar, men det var nødvendige terrengjusteringer, som graving og planering, for å oppnå en flat og funksjonell løpebane. Den mest egna staden for å byggja slike anlegg var nok Olympia, der det var store flater som ikkje trengte så mykje opparbeiding for å bli ein bane.

Sjølve toppdekket  var leire (noken stader står det jord) dekka med eit lite sandlag, som ikkje måtte vera for djupt. Men først vart ujevnheter vart jevna ut og deretter komprimert for at det ikkje skulle vera for bløtt. Dette kunne skje ved slodding og rulling. I noken tilfeller vart også sanden fukta for å få den ytterligare komprimert. Dette er teknikkar ein fremdeles bruker for vedlikehald av banar uten fast dekke, sjøl om verktøya nok er betre i dag. Slodding vart muligens gjort ved å bruka flate fjøler, kanskje med steiner eller anna vekt på, og tunge steinruller vart deretter brukt. Dette var handdregne verktøy som må ha vore tunge å dra. Men ein hadde jo slavar til slikt! Antagelig ville ein unngå dyreekskrement på banen som kunne gi infeksjonar. I ei tid før antibiotika kunne sår vera dødelige og noko utøvarane måtte beskytta seg mot.  Banen vart også rydda og drenert for å leda vatn vekk.

Start, målstrek og andre arkitektoniske detaljar

Startlinja var ein permanent, horisontal steinblokk, balbis, som var lagt ned i banedekket. Den hadde to parallelle grunne furer der løparane kunne setja tærne nedi. Dette var antikkens startblokker. Så hadde ein også ei tjuvstartsperre! I Nemea har ein funne restane av ein såkalt hysplex, som var eit portsystem av tau og fjører. Ein dommar stod bak utøvarane, og når han drog i eit sentralt tau, fall portane framfor kvar utøvar ned samtidig. Startstreken fungerte også som målstrek for dei litt lengre løpa, medan for den reine sprint-distansen (stadion, son vi diskuterte over) var det ein egen målstrek på andre sida.

Disse stevnene hadde jo ingen elektronisk tidtaking, så ein måtte avgjera kem som vant på gamlemåten. I Olympia stod dommarane (Frå gammalgresk: Ἑλλανοδίκας, Hellanodíkas,  “Dommar for hellenarane”) på ein heva, spesiell steintribune, kalla exedra: (Frå gammalgresk ἐξ (ex, “out of”) + ἕδρα (hédra, “sete”) som var sentralt plassert på sørsida av banen med god utsikt. Disse dommarane skulle ikkje bare dømma, men også oppretthalda ro og orden. Vidare fans det VIP-plassar, dvs. spesielle sitjeplassar for prestar og andre viktige personar. Disse var ofte nær midten av banen, nær dommartribunen. Resten av publikum (bare menn!) stod eller sat på jordvollar ved sida av banen.

Stadioner som Olympia hadde opne vassrenner langs sidene der utøvarane kunne vaska sår og skylja seg. Sjøl om dei ikkje kjente til bakterier, visste dei at skit i sår kunne føra til betennelsar. Sår kunne bli vaska med vin eller eddik. Det var lav alkoholprosent, men syra og etanolen fungerte antiseptisk. Så kunne ein smørja på honning som er bakteriedrepande eller harpiks som forsegla såret. Hvis nødvendig la ein på linbandasjer dyppa i olje eller eddik. Ved store stevner skal det ha vore legar til staders som utførte dette. Men helst ville ein unngå potensielt farlige infeksjonar, derfor var vanlig før eit løp å smørja seg inn med olivenolje og deretter strø på eit tynt lag med pulver for å lukka porene. Som kjent konkurrerte utøvarane nakne, og dette var eit symbol på likskap mellom borgarane, og ein dedikasjon til gudane. Frå ordet naken (gymnos) har vi forresten fått ordet gymnastikk og gymnas (gymnasion), som opprinnelig var eit offentlig treningssenter  men som seinare vart til ein skule. I Athen var det tre store offentlige gymnasia: Platons Akademi, Lykeion og Kynosarges,

Utøvarane kledde av seg og gjorde seg klar til konkurranse i ein egen bygning kalla apodyterion, som var ein enkel søylehall. Der var det jo ingen låsbare skap som vi har i dag, så klær vart lagt i opne hyller eller kassar. Men klærne var ofte dyre (ull var dyrt) så der stod det vakter som passa på. Når atletane var klare for konkurranse gjekk dei i Nemea gjennom ein tunnel kjent som kjent som "crypta" eller "vrisi," mellom apodyteriumet og banen. Arkitektonisk fungerte denne tunnelen som eit skilje mellom den profane verda (garderoben) og den heilage arenaen. I tunnelen fins ein fremdeles navn på utøvarar som venta der for 2300 år sidan!

Etter konkurransen skrapa dei av seg svette og skit med ein strigilis som var ei slags skrape av bronse. Også dette arbeidet kunne bli sett bort av dei rikaste utøvarane til slavar eller frivillige. Korleis kunne noken gjera dette frivillig? Det høyrest rart ut i dag, men mester-svetten var faktisk ettertrakta av fansen som ville samla den og enten bruka den på seg sjøl, eller selja den. Tanken var at mesteren sine egenskaper kunne smitta over på seg sjøl!

Dei fire viktigaste stadionanene

Vi begynner med dei som var ein del av dei panhelenske leikane, nemlig Olympia, Nemea, Delfi og Isthmia:

Olympia

Nedanfor er eiy bilde av stadionet slik det ser ut i dag. Stadionet (i dagens betydning) har blitt flytta fleire gonger. Den opprinnelige løpsøvelsen i Olympia ser ut til å ha vore mot alteret til Zevs, og ifølge Filostratos fekk vinnaren æra av å tenna elden til den seremonielle ofringa. 

Lesekreis, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Les meir om Olympia: Staden, stadionet og dei olympiske leikane.

Nemea

Nemea stadion slik det ligg i dag. Landskapet liknar på det i Olympia. Dagens stadion er litt kortare enn det opprinnelige, sidan ein bilvei går tvers gjennom området i den bortre enden av stadionet.

Robin Iversen Rönnlund, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Les meir om Nemea: Staden, stadionet og dei nemeiske leikane.

Delfi

Stadionet i Delfi var arenaen for dei pytiske leikane. Det ligg på den høgaste punktet av den arkeologiske siten, og skuer ut over heilagdomen for Apollo og har ein fantastisk utsikt over det omkringliggjande landskapet. Vi ser tydelig at terrenget er brattare, og får ein ide om murarbeidet som trengtes her.


Konstantinos Tamateas

Dei tidlige Pythiske lekene vart faktisk haldne i byen Krisa, som ligg lavare enn Delfi. Det var flere grunner til dette valget: der var  terreng lettare å byggja i, men Krisa var et viktig religiøst senter før Delfi vart dominerande, noko som gjorde det naturlig å arrangera leikene der på den tida. Men det er dessverre ikkje mykje igjen av stadionrestane i Krisa i dag.

Les meir om Delfi: Staden, stadionet og dei pytiske leikane.

Isthmia

Stadion i Isthmia, som var vertskap for de istmiske leikene, har opplevd betydelig forfall. Det er flere grunner til dette. Erosjon og jordskjelv har påvirka området over tid og kan ha forårsaka skade på bygningane. Men det har også skjedd på grunn av mangel på vedlikehald og urbanisering. Men sjølv om det ikke er mykje igjen, har staden fremdeles arkeologisk interesse.

Stadionen i Isthmia

Foto: Yiannis Mitos. Lisens: Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0

Les meir om Isthmia: Staden, stadionet og dei isthmiske leikane.

Andre viktige stadioner

Epidavros (Epidaurus), Messinia (Messene)

Epidavros

Epidavros er egentlig mest kjent for sitt teater, som med sin fantastiske akustikk og store kapasitet (opptil 14,000 tilskuarar) fremdeles blir brukt til store konsertar. Dette er eit stort anlegg som også har ein heilagdom for helse og medisin tileigna Asklepios. Stadionet var i si tid også ein viktig arena for lokale konkurranser. På same måten som dei ovannevnte sradioner vart det her halde leikar her fjerde kvart år. Fremdeles er startsøylene synlige og eit antal steinbenkjer for publikum.

Cartwright, Mark. "Stadium of Epidaurus." World History Encyclopedia. World History Encyclopedia, 18 Jun 2012. Web. 27 Oct 2024.

Messini (Messene)

Messini vart bygd på 300-tallet f.Kr. som ein heilt ny by etter at den gamle vart ødelagt. Dette gjorde det til ein planlagt by med en heilhetlig arkitektur og infrastruktur. Bygginga av stadionet og andre offentlige bygg skjedde parallelt, noko som gjer Messini til eit av de best bevarte eksempel på ein antikk, planlagt by, og stadionet vart eit symbol på Messinis gjenoppstandelse og kulturelle liv. Messini representerer derfor ikkje bare et sportsanlegg, men også et viktig kulturelt og arkitektonisk prosjekt i antikkens Hellas.

Peulle, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Det Panathenske stadionet i Athen (Kallimarmaro)

Stadionet i Athen er bygd over restane av det gamle stadionet fra 4. århundre f.Kr. som var bygd av statsmannen Lykurgus for å vera vertskap for dei Panathenske leikane. Det vart gjenoppbygd, eller snarare ombygd, i marmor til dei moderne olympiske lekene i 1896. Før dette var det gamle stadionet i sterkt forfall med overgrodd vegetasjon og kun restar av dei opprinnelige strukturane var synlige. Dette er det eineste stadionet i verd laga heilt av marmor og kan romme opptil 80,000 tilskuarar. Det kallast på gresk for Kallimarmaro (Καλλιμάρμαρο, som betyr. "nydelig marmor". Her fann opnings- og avslutningsseremoniane for dei første moderne leikene i 1896 stad. I dag er stadionet ein av dei viktige turistattraksjonane i Athen.

Mister No, CC BY 3.0, via Wikimedia Commons

Oppsummering: dei sju viktigaste stadionane

Arena Byggeår (ca.) Lengde (ca.) Tilskuartal Stad
Olympia stadion 776 f.Kr. 192 meter 20 000 - 40 000 Olympia
Nemea stadion 450 f.Kr. 182 meter 20 000 - 30 000 Nemea
Delfi stadion 600 f.Kr. 177 meter 5 000 - 10 000 Delfi
Isthmia stadion 580 f.Kr. 190 meter 20 000 Isthmia (Korint)
Epidavros stadion 400 f.Kr. 180 meter 14 000 - 20 000 Epidavros
Panatinaikos stadion 330 f.Kr. 204 meter ??? 45 000 - 60 000 Athen
Messini stadion 369. f.Kr 180 meter 10 000 Missini (Messene)

REF

Kart over antikke stadioner.

Stadium. worldhistory.org

The Ancient Olympics and Other Athletic Games.