Gresk for deg :)
Greske ord og uttrykk i matematikk og fysikk
Denne artikkelen handlar om det greske språket i matematikken og fysikken, og vi skal sjå at veldig mange ord og begrep kjem frå gresk. Men det skal seiast med ein gong at det stoppar jo ikkje der. Også dei greske orda har kome ein stad frå. Men det kjem vi ikkje til å ta opp her. Språket burde vi heller kalla hellensk ( ἑλληνικά) sidan det er det det heiter på gresk, men det vil nok følast rart for mange. Og så ein liten advarsel: Dette er lekmannsforsking. Som alle veit er oversetjing ikkje rett fram. Mange ord har mange og overlappande tydingar, og skifter valør i ulike samanstilllingar. I tillegg er ikkje kjeldene heller alltid heilt enige. Men det er det som er gøy med språk: det er ingen eintydig fasit, så her er det bare for deg å forska vidare!
Det greske alfabetet
Mange veit nok at ordet "alfabet" viser til til dei to første bokstavane i det greske alfabetet, nemlig α (alfa) og β (beta). Mange vil også kjenna til at begrepet "alfa og omega" (som betyr alt) viser til den første og den siste bokstaven. Her er alle bokstavane, slik dei opptrer i moderne gresk. Hvis du vil vita meir om bruken i realfag, kan du lesa Greske bokstavar i matematikk og fysikk.

Filosofi
Hellas er for mange filosofiens heimland, og ordet er sjølsagt gresk. Det kjem av φιλεῖν – philein «å elska» og σοφία – sophia «visdom», altså «kjærlighet til visdom», eller kanskje gleden ved kunnskap. Noken seier at ordet vart laga av Pytagoras, men andre (eg og!) stiller seg tvilande til det. Ordet er også viktig i kristendomen. Du har sikkert høyr om Hagia Sofia, som i dag er ein moske i Istanbul, men som vart reist som kyrkje i det som då heitte Konstantinopel i åra 532–537 under den romerske keisaren Justinian. Navnet skrivest på gresk Ἅγια Σοφία, og det betyr den heilage Sofia. Men eit like viktig ord, etter mi meining, er dette:

Her står det lógos λόγος, som kan bety ord, diskurs eller fornuft. Og av dette har vi fått ordet logikk, og ei mengde ord som sluttar på -logi, og som vi ofte overset med læren om noko, og som då handlar om å bruka logikk på eit gitt fagfelt. Ontologi er for eksempel læren om det verande, sidan ordet ὄντος er ein form av å vera. "Fins det egentlig tal", kan ein ontolog spørja, antagelig utan å svara. Det kan derimot odontologane (tannlegane - ὀδούς betyr tann eller liknande) svara på. I alle fall når dei skriv ein rekning. Likevel er det ikkje lurt å gå til ontologen hvis du har tannverk.
Hovedretningar i logikk:*
- epistemologi: kjem frå ordet episteme ἐπιστήμη som betyr "kunnskap", og altså lógos λόγος. Det er læren om korleis ein oppnår kunnskap, eller også erkjennelsesteori.
- etikk
- logikk
- metafysikk: kjem frå Greek μετά, meta, som betyr "etter" eller "bak"). Dette er studiet om den naturen til verkeligheten. Study of the fundamental nature of reality
* Avhengig av kem du spør, så får du høyra andre lister med hovedretningane. Noken tar feks. med estetikk eller politisk filosofi.
Hypotetisk deduktive metode
Av det ovanståande forstår ein at filologi er kjærlighet til ord, som jo er akkurat det vi driv med her. Vel og bra det, men ikkje la det utarta til språkfag, for vi driv med vitskap! Og i vitskapen bruker vi den såkalte hypotetisk deduktive metoden. Hypotese kjem frå gresk ὑπόθεσις (hupóthesis, “grunnlag, antagelse”, som skal koma frå ὑποτίθημι (hupotíthēmi, “Eg påstår / foreslår”). Når vi deduserer, så avledar vi noko av dette. Men det er latin, så la oss ikkje gå den veien akkurat no!
Sjølve ordet matematikk kjem frå gresk: μάθημα,
máthēma, 'kunnskap, studier, læring') der rota er μανθάνω
(manthánō, “Eg lærer”). Så husk det!
Så driv vi også med aritmetikk, som er å rekna med tal. Og då er
det ikkje så underlig at det kjem av ordet ἀριθμός
arithmos, som betyr nettopp "tal", og ordet τική [τέχνη], tiké
[téchne], 'kunst' eller 'håndtverk'). Då trur du kanskje at også algebra
er gresk, men det er altså arabisk. Og bare for å ha sagt det:
matematikken har mykje å takka arabarane for.
Greske ord i matematikk
Greske tal:
For å kunna rekna, må du kunna telja. Så vi begynner med å telja til tolv
på gresk. Vi ser at vi greit kjenner igjen mange av tala:

Les meir om Greek Numbers: How to Count in Greek.
Geometri og trigonometri
På norsk har vi noken eldre enheter for areal som tar utgangspunkt i eit ar som er 100m2. Av dette får vi då eit dekar, dvs ti ar, som blir 1000 m2. og eit hektar, dvs hundre ar, eller 10 000 m2. Det siste kjem frå ordet for 100: εκατό (ekató) Dette bringer oss over i landmåling. Det greske ordet for måling er μέτρον,og av det har vi fått mange ord som endra med "-metri": Geometri (γεωμετρία) har forstavelse frå geo- eller ge ("jord" eller "land") som er i slekt med gudinna Gaia. Trigonometri er studiet av forholdet mellom vinklar og sider i en trekant. Ordet γωνία (gōnía) betyr «vinkel», og då forstår vi at trigonometri har noke med trekantar ("trigoner") å gjera. I Landmåling driv ein med triangulering som er ein metode for å å finna avstanden til eit punkt når vi kjenner lengda til ei av sidene i en trekant, og dei to vinklane mellom linja og punktet.
Polygon og polyeder
Geometri handlar ikkje bare om trekantar, men om firkantar, femkantar osv. Det norske samlebegrepet er mangekant, eller polygon. Dette greske ordet poly, som kjem av det greske πολύς (polús, “mange, mykje”) blir brukt i mange samansette ord. Polynom er eit artig ord fordi det er sett saman av og det latinske nomen ("navn"). Det betyr at dette ikkje er eit gresk ord. Men polygon. er eit vaskeekte gresk ord. Så la oss sjå på noken mulige polygoner:
Polygon: På norsk snakkar vi altså om trekantar og mangekantar. Men på engelsk heiter trekant triangle, og det er direkte oversatt frå trigon. Dei kallar vidare femkanten for pentagon, og no forstår vi korfor. Ei femarma stjerne kallast forøvrig eit pentagram. Sekskant på engelsk heiter hexagon. Andre ord med "vinkel" i, er diagonal som stammar frå διαγώνιος (diagṓnios, “frå vinkel til vinkel”), sett saman av διά (diá, “tvers over”) og det før nevnte γωνία Og då er det gjerne ikkje vanskelig å gjetta at ortogonal betyr rettvinkla, sidan Ortho betyr "rett", og kan som vårt ord også bety "riktig" eller "korrekt", som vi har det i "ortodoks": rett-truande. Og då kan eg ikkje la vera å nevna at "doxa" ( δόξα) i retorikk er tru, eller den tradisjonelle, vanlige oppfatningen - i motsetning til episteme ἐπιστήμη som betyr (sikker) "kunnskap" eller vitenskap, og sjølsagt også er gresk.
Polyeder: fra det klassisk greske πολύεδρον, som igjen består av poly + -edron (ein form av έδρα, «sete» eller «flate») Polyeder er då eit samlenavn for konkrete romlekamar, og disse har greske navn i henhold til teljemåten. Så eit tetraeder har fire flater, fordi "tetra" er ein variant av tessera (fire), eit oktaeder har åtte sider, eit dodekaeder har tolv og eit ikosaeder kjem frå 20 – είκοσι (íkosi). Ein kube, eller terning, er i denne samanhengen eit heksaeder, sidan det har seks flater. Men ordet kube er også gresk, sjølsagt! Det kjem av frå κύβος (kúbos) eller kybos, som betyr terning. Til saman er dette dei Platonske lekamane. Platon meinte at disse lekamane var urformene til materien. Og det fins verkelig molekyler som har disse formene. Sjå feks Platonic hydrocarbon, Andre artige romfigurar er dei Arkimediske lekamane, som er oppkalla etter Arkimedes.
...
Andre figurar: Parallelogram kjem frå παράλληλος (parállēlos, “parallell”) og γράμμα (grámma, “linje”) + -ος (-os). Parallell kjem i sin tur frå παρα- som kan bety nær eller ved sidan av + ἀλλήλων (allḗlōn, “kvarandre”). Trapes: Bord heiter på gresk τραπέζι, (trapézi) og vi ser at figuren som på norsk heiter trapes liknar på eit bord Ellipse – έλλειψη η πυραμίδα – i piramitha Sphere – σφαίρα – sfayra
Og eit lite sidespor (som apropos til "ortodoks") : Når ein eller annan# pave (gresk πάπας, latin papa), uttalar seg om trua i embeds medfør, så seier ein at han uttaler seg "Ex Cathedra", bokstavelig talt "frå kateteret". Ordet kateter, som på norsk har fått betydningen skrivebord, betyr egentlig sete, eller i denne forbindelse gjerne trone. Det kjem frå gammalgresk καθέδρα , som igjen kjem av κατά (katá, “ned”) og det nevnte ἕδρα (“sete”). Dette er viktig for katolikkane, for det å uttala seg "Ex Cathedra" vil for dei bety at paven er ufeilbarlig (!) Av dette kan ein gjerne dedusera at vi fysikklærarar, som også gjerne uttaler oss frå kateteret, er ufeilbarlige. Kanskje litt? Og når vi først er inne på dette med kata (ned) så kan vi nevna katastrofe, der etterleddet kjem av strephein "snu". Det betyr altså noko som (brått) snur seg ned eller til det verre, som den ulykkelige slutten i ein tragedie. () Då er nok ein kataklysme ( κατακλυσμός ) noko verre, sidan κλύζω betyr å vaska. Så egentlig er det kanskje bare ein nedvask, men det kom til å bety flaum og syndeflod.
# Det har jo funnest fleire pavar samtidig (opptil tre). Då var den, eller dei andre såkalte motpavar. Skrytepavar, fins det derimot ganske mange av.
Greske ord i fysikk
Ordet fysikk kjem frå φύσις (phúsis, “opphav; natur, eigedom”), av verbet φύω (phúō, som har ei rad betydningar, mellom anna “produsera; bera fram; dyrka”). Det handlar altså om det materielle, det handfaste.
Frå kaos til kosmos
Ordet gass skal komma frå ordet kaos, på gresk χάος (kháos, “kløft, gap, det tomme rom”); I gresk mytologi tenkte ein at kaos var urtilstanden, og eg er frista til å tru at det gammalnorske Ginnungagapet handlar om det same. Motsetningen til kaos er kosmos. gresk κόσμος (kósmos, “verden, universet”, men er også ofte oversett som "orden", dvs. motsatsen til kaos. Verbet kosmein kunne bety "å ordna eller arrangera" for eksempel troppene i eit slag. Men sidan mange er opptatt av å ordna seg, så forstår vi at også ordet "kosmetikk" kjem av dette. Universets orden såg grekarane på himmelen med sine stjerner og galaksar. Begge to er sjølsagt greske ord.
Melk på gresk er γάλα. Derav det norske melkeveien og ordet galakse. Dessuten ordet laktose.
Stjerne på gresk er αστέρι (asteri). Så då forstår vi kor ord som astronomi / astrologi, astronaut og asteroide kjem frå. Grekarane såg at noken av stjernene vandra over himmelkvelven. Så dei vart heitande planētēs, frå (asteres) planētai "wandering (stars) I dag veit vi at dei ikkje er stjerne*.
Planetnavnet Uranus har også gresk opprinnelse og kjem frå οὐρᾰνός som betyr himmel - eller i personifisert form, himmelguden. Alle dei andre planetane har også gudenavn, men dei er latinske: Vi har frå inst til ytterst: Merkur (Hermes), Venus (Afrodite), Tellus (Gaia), Mars (Ares), Jupiter (Zeus), Saturn (Cronos), Uranus (Latin Caelus / Coelus) og Neptun (Poseidon).
Mikro og makro
Ein annan inndeling er å dela vera i det lille og det store. Ordet mikro kjem frå det greske μικρός (mikrós) som rett og slett betyr “liten”. Ein liten digresjon her: bokstaven omikron betyr jo då liten "o", og .. kort o. mikro og omega betyr stor o.
Atom: Alle atomfysikk-kurs med respekt for seg sjøl begynner med å sei at ordet atom kjem frå det greske ἄτομος (átomos, “udelelig”), frå ἀ- (a-, “ikkje”) + τέμνω (témnō, “Eg kuttar”). Dette var det minste grekarane tenkte seg, og hvis vi skulle vore tru mot ordet, så skulle vi heller brukt det om det som vi kallar elementærpartiklar. Men navnet atom festna seg til dei konkrete objekta som vi i dag veit består av ei kjerne med eit eller fleire elektroner rundt seg, men som vi opprinnelig trudde var udelelige. Og hvis vi fortset i mikroverda, så finn vi at både partikkel og molekyl kjem frå latin. Grunnstoff som grekarane kjente til var hydrogen ... og helium
Makro- kjem frå μακρός (makrós) som betyr “lang”, "stor" eller liknande. Makroverda er i fysikken "vår" verd, dvs ting på menneskelig skala.Ord med "foto": Ordet φωτω- (phōtō-) kjem frå φῶς (phôs, “lys”). Av dette har vi avleda ord som "fotosyntese", "fotografera" osv. Fotonet vart jo ikkje funne av dei gamle grekarane, men han som fant på navnet () kjente sin gresk!
Men hvis vi tenkjer på samansette objekt, så finn vi ordet system, og det kjem frå gresk σύστημα som kjem frå σῠν- (‘med, saman’) + ἵστημι (hístēmi, “å stå”)
Når det gjeld ordet syntese, kjem det frå σύνθεσις (súnthesis, “samansetjing”), frå συν- (syn-, “saman”) + τίθημι (títhēmi, “set, place”). I kjemien betyr det å framstilla ein kjemisk forbindelse mellom grunnstoff eller enklare forbindelsar. Du kjenner kanskje også ordet synode, som betyr forsamling, ofte eit kyrkjemøte. Vi kan også nevna instrumentet synth (kort for synthesizer) som set saman bølgeformer til ein lyd. Det motsette av syntese er analyse, som er meir eller mindre direkte frå ἀνάλυσις.
* Dette tegnet: * er ein asterisk - ei lita stjerne. Og dei som liker vår kjære gallar-ven Astérix, skal vita at navnet er eit ordspill på dette, sidan, det franske ordet for asterisk er astérisque, det det galliske suffikset -rix, som ein trur betyr “konge.” (I såfall ein variant av "rex"). Han står jo i arven etter den berømte Vercingetorix. Nok no.
Helsing Gunnix :)
LENKER
Quora: Why do Ancient Greek names not sound like they're Greek? ...
Chronology of ancient Greek mathematicians.
Names Of Ancient Greek Philosophers
Lógos attikós - lærebok i gresk.
Wikiversity: Ancient Greek