Gresk for deg:
Skrivemåtar og uttale av greske navn
To gylne reglar.
Eg er av den oppfatning at navn bør uttalast mest mulig slik som personen sjøl ville ha uttalt det. Det veit ein dessverre ofte ikkje, så her vil meiningane variera. Men det er to gylne reglar for skrivemåte og uttale:
- Regel nummer 1: Aldri, aldri stol på den engelsk skrivemåte. For disse tullingane driv og overset navn, noko som er ein vederstyggelighet! For eksempel kallar dei Hellas for Greece. Men vi nordmenn er ofte heller ikkje betre, så for eksempel matematikaren som engelskmenn kallar Euclid og nordmenn for Evklid eller Euklid, heitte egentlig Evkleides eller liknande. (sjå nedanfor)
- Regel nummer 2: Aldri, aldri, aldri stol på engelsk uttale. Aldri høyr på ein engelskmann uttala noke som helst anna enn engelsk! Hvis du googlar uttale (pronunciation) av eit ord eller navn som ikkje er engelsk, så får du opp mange resultat. Men oftast er dette engelskmenn sin uttale, og ikkje slik ein innfødd grekar ville uttala det. Eg har prøvt å finna den "greske" uttalen for ein del navn. Men det er jo ikkje så lett (derfor hermetegna) for gresk kan jo også vera så mangt. Så det eg har funne er ikkje fasiten, men det beste eg har funne!
Omskriving til norsk (transkribsjon)
- Bokstaven η vart visstnok uttalt som ein e i antikken, mens den i dagens Hellas blir uttalt meir som i. Det vil sei at Aristoteles i dagens Hellas blir uttalt Aristotelis.
- Bokstaven ξ (ksi) kan skrivast som ks eller x på norsk. Eg foretrekk "ks", som i Anaksimander, for x fins ikkje på gresk.
- Greske navn som endar på "andros" blir til "ander" på latin. Aleksander den store heiter feks. Aleksandros på gresk. Dette kjem frå “andrós (ἀνδρός)” (mann), . Du kjenner kanskje Android som eit operativsystem, men før det betydde ordet "mannsliknande" og vart brukt om robotar. Vi har også ordet androgyn som i tillegg til andros har det gammalgreske ordet for kvinne γυνή (gunḗ, “kvinne). Ein robot med kvinnelige trekk blir dermed gynoid, men dei høyrer vi ikkje så mykje om.
- Ein del navn som tradisjonelt blir skrivne med endinga -us, skriv eg heller med -os. Grunnen er at den norske bokstaven o ligg nærare opp til uttalen enn den spisse norske u-en. Vi har jo ofte fått disse navna frå latin der u-en blir uttalt o.
- Det er heller ingen grunn til å skriva kh når vi kan skriva k? Så derfor skriv eg Aristarkos og ikkje Aristarkhos.
- Gresk theta (θ) blir som regel skrive t på nors. Uttalen var visst også opprinnelig som norsk t, men seinare som i engelsk "thick" - ikkje stemt som i "the". Derfor er det greit å skriva Pytagoras utan th.
Historiske grekar
Merk at oppslagsordet er slik eg meiner navnet burde skrivast på norsk, ikkje slik det faktisk blir skrive :)
Anaksimandros frå Miletos (Milet) kallar vi på norsk for Anaksimander, fordi vi har overteke den latinske varianten. Den greske skrivemåten er Ἀναξίμανδρος. Den første delen av navnet skal koma av “ánaks (ἄνᾰξ)” (herre, konge, hærledar), og det andre av andros over. så ein tenkjer at det betyr noko i retning av "kongen for dei sterke eller dei mannlige". Mange andre greske navn har også dette, som feks. Anaksagoras (Ἀναξαγόρας - "kongen av agoraen") som kom frå Klazomenai litt vest for dagens Izmir i Tyrkia, og Anaksimenes (Αναξιμένης) som også kom frå Miletos.Navnet hans består av både konge og mektig.
Aristoteles frå Stageira i Nord-Hellas, har i allefall ein akseptabel skrivemåte på norsk. På engelsk, derimot, blir han kalla Aristotle (sukk!). Gresk skrivemåte er Αριστοτέλης. Uttalen var omtrent Aristotéles, med trykk på den nestsiste e-en. Navnet skal komma frå άριστος (aristos) som betyr best (som i aristokrat), og τέλος (telos) som betyr mål eller formål. Så navnet hans betyr noko i retning av “det beste formål”. Med andre ord: eit både vakkert og ambisiøst navn!
Aristarkos frå Samos kallast på norsk ofte bare Aristark. Navnet skrives Ἀρίσταρχος på gresk, og som vår venn Aristoteles har han det første leddet ἄριστος (aristos). Det andre er ἀρχός (arkos) som skal bety "herre" / "mester".
Arkimedes: Ἀρχιμήδης ser ut til å bli uttalt slik vi gjer det, og skrivemåten er grei! Navnet kjem kanskje av ἀρχός , og μήδομαι (medomai) som betyr "å tenkja, eller planleggja", altså "mestertenkjaren". REF.
Demokritos frå Abdera, skrives på norsk dessverre Demokrit. På gresk er det Δημόκριτος, og uttalen ser ut til å ha vore Dēmókritos med trykk på o-en. Navnet er sett saman av: “dêmos (δῆμος)” (folk, land, mm.) pluss “kritḗs (κρῐτής)” (dommar). Altså skulle det bety noko slikt som “folkets dommar”. Men mange andre stader står det at det betyr "folkets utvalgte".
Diofantos frå Alexandria. På norsk noken gonger skriver han Diofant - som om han var ein hund! Gresk skrivemåte er Διόφαντος, og uttalen er vel då med trykk på o-en. Navnet kjem muligens frå Δῐο- (Dio-, “Zeus”) + φᾰν- (phan-, “to appear”) + -τος (-tos).
Empedokles: Ἐμπεδοκλῆς kjem visstnok frå ἔμπεδος (émpedos, “steadfast”) + -κλῆς (-klês): perhaps “enduringly famous”.
Eureka! kjem av verb εὑρίσκω heurískō "I find".[1]
Eratosthenes: (ofte skrive Eratostenes) Ἐρατοσθένης (Eratosthénes). kjem frå (eratós, “lovely”) + σθένος (sthénos, “strong”). Gresk uttale er med trykk på den midterste e-en.
Evklides: (eller kanskje Evkleides) kallast på norsk Evklid, og på engelsk Euclid. Men sånn kan vi ikkje ha det. På gresk skriv dei nemlig Εὐκλείδης – Eukleídes
Heraklitos frå Efesos. Irakleitos (Heraklit) også kalla "Den gråtande filosofen"
Hero of Alexandria
Hipparkos frå Nikea, skrives på gresk: Ἳππαρχος og dermed kan vi tru at H-en skal vera stum. Kjem frå ῐ̔́ππος (híppos, “hest”, som i hippodrom) + ἀρχός (arkhós, “ledar”).Men gresk har også Oftast finn vi Hipparkhos på norsk, eller
Klaudios Ptolemaios Πτολεμαίος har både eit romersk og eit gammalt gresk navn. Det kan henda at han fekk romersk statsborgarskap av enten Nero eller Claudius, som begge var av Claudia-slekta, og kan henda burde vi derfor skriva Claudius Ptolemaios. Men han var tross alt ein etnisk grekar som budde i Alexandria, så derfor får det bli Klaudios.
Platon, som engelskmennene kallar Plato, skrivest Πλάτων på gresk. Men han heitte antagelig egentlig Aristokles (Ἀριστοκλῆς). Dette kjem av det same aristos (best) som hos Aristoteles, og av kleos – glory. Platon var antagelig eit kallenavn. Det kjem av adjektivet platýs (πλατύς) som betyr breid. Så ein teori er at han skal ha vore ein breibygd kar. Så du kan gjerne kalla han "tjukken".
Protagoras
Pytagoras frå Samos, blir på gresk uttalt med trykk på o-en, og skrivest Πυθαγόρας. Derived from PYTHIOS, a name of Apollo, combined with Greek ἀγορά (agora) meaning "assembly, marketplace"
Sokrates, vart uttalt Sokrates med trykk på a-en. (Σωκράτης), Kjeldene er litt uenige om betydningen. Ei kjelde hevdar at det kjem frå ordet sozo (save) og kratos (state). from σῶς (sos) meaning "whole, unwounded, safe" and κράτος (kratos) meaning "power". So the description is “savior of the state”.
Tales frå Miletos (Milet): Vi nordmennn skriv som regel Thales, men den h-en er jo ikkje nødvendig. På gresk ... Θαλῆς Dette kjem kanskje frå θᾰ́λλω (thállō, “to thrive”) + -ης (-ēs), in which case “one who thrives”.
Xenofanes frå Kolofon (ca. 570 BC) kunne vi godt ha skrive Ksenofanes, slik tyrkarane gjer. Men eg nøler ved å bytta forbokstav frå det vanlige (hvis du leiter etter han på nett) så akkurat her beheld eg X! Engelskmennene skriv Xenophanes, og noken norske også. På gresk skrives han Ξενοφάνης. Navnet skal komma frå ξένος (xénos) + φαίνω (phaínō) + -ης (-ēs), literally "strange-looking". Ref. Xenofobi
Zeno of Elea
LENKER
Quora: Why do Ancient Greek names not sound like they're Greek? ...
Chronology of ancient Greek mathematicians.
Names Of Ancient Greek Philosophers
Lógos attikós - lærebok i gresk.
Wikiversity: Ancient Greek