Greske kjelder

Nedanfor finn du eit utvalg som representerer dei viktigaste bevarte skriftlige kjeldene til antikkens Hellas. Sjølv om moderne arkeologi stadig gir oss nye svar, er det gjennom disse forfattarane vi får høyra grekarane si eiga stemme og forstå deira historie, trusverd og kvardagsliv. Mange av disse forfattarane kjenner vi lite til som personar. Homer og Apollodoros er eksempel på at vi ikkje eingong er sikre på om det var dei som skreiv verka. Andre trur vi at vi kjenner litt gjernnom verka. Vi veit at Herodot var nysgjerrig og hadde humor, men ingenting om han hadde familie. Thukydid fortel oss at han var general og at han fekk pesten, men utover det er han ein profesjonell men ansiktslaus historikar. Hesiod er eit unntak sidan han fortel om broren og faren, og er kanskje den første forfattaren i Europa som gir oss personlige detaljar. Men så er det også noken "kjendisar" som Platon og Aristoteles (og sjølsagt Sokrates, men han skreiv ikkje noke sjøl). Historiane til disse vart tekne vare på av elevane. Plutark er kanskje i ein særstilling, sidan han fortel mykje om seg sjøl i egne skrifter.

1 Historikarane (Dei som fortalte kva som skjedde)

Herodot (ca. 484 - 425 f.Kr)

Herodot er rekna som "historiens far" og inkluderte mange geografiske og etnografiske skildringar i sitt verk Historie. Dokumenterte Perserkrigane og  er spesielt opptatt av lokale skikkar, religiøse tradisjonar og mytologisk opphav for dei ulike folkegruppene.Herodot er på mange måtar antikkens første sosialantropolog. Han spør kva folk et, korleis dei kler seg, og korleis dei begraver sine døde.

Thukydid (ca. 460 - 400 f.Kr)

Skreiv om Peloponneserkrigen, og er viktig for å forstå maktmampen mellom Athen og Sparta. Han gir oss djup innsikt i disse områda frå eit militært og politisk perspektiv. Han beskriv landskapet og byane slik dei fungerte som krigsskueplassar. Hans beskrivelser av Athens murar, havnen i Pireus og ulike festningar, som Pylos, er svært detaljerte og viktige for å forstå korleis disse områda såg ut i sin storhetstid.

Xenofon (ca. 430-354 f.Kr)

Fortsette Thukydid sin historie og gav oss augevitneskildringar frå krigstokter i Persia. I verket Oeconomicus (hushaldningslære) skriv han om korleis ein driv ein gard og ein heim. Her får vi eit (om enn litt konservativt) innblikk i forholdet mellom mann og kone, korleis slaver vart behandla, og korleis dei fysiske husa var organisert.

Polybios (ca. 200 - 118 f.Kr)

Forklarte korleis den greske verda vart underlagt Roma.

2 Epikk, poesi og mytologi (kulturens sjel)

Homer (ca. 8. århundre f.Kr)

Iliaden og Odysseen er sjølve grunnlaget for gresk identitet og religion

Hesiod (ca. 700 f.Kr)

Skreiv Theogonien, den viktigaste kjelda til korleis grekarane meinte at gudane og verda vart til. I Verk og dagar skriv han om den harde kvardagen til ein gresk bonde, der han gir råd om pløying, såing, korleis ein velgjer ei kone og korleis ein skal behandla naboane sine. Dette er den beste kjelda til det rurale Hellas.

Pindar (ca. 518 - 438 f.Kr)

Hans seierssongar (oder) til idrettsheltar i Olympia of Delfi er unike kjelder til gresk moral, adel og religiøs feiring.

Apollodoros (1. eller 2. årh. e.Kr)

Hans Bibliotheca er den mest komplette "oppslagsboka" vi har over dei greske mytane.

3 Geografi og vitenskap (veivisarane)

Strabo (ca. 54 f.Kr - 24 e.Kr)

Strabo var ein gresk geograf som skreiv det enorme verket Geographica. Bok 8 er dedikert utelukkande til Peloponnes mens bok 9 dekkjer Attika og nærliggjande områder. Strabo er spesielt god på å forklara samanhengane  mellom naturressursar, byers plassering og deira historiske betydning.

Plinius den eldre (23 - 79 e.Kr)

I sitt enorme naturvitenskapelige verk Naturalis Historia (Naturhistorien) skriv han om gresk geografi, inkludert lister over byar, fjell og elver.

Pausanias (2. årh. e.Kr)

Skreiv Beskrivelse av Hellas, som den ultimate reisehåndboka til tempel, kunst og lokale sagn på fastlandet. Han fortel om lokale festivaler som vanlige folk utførte i små landsbyer. Dette er ting som dei lærde i Athen eller Roma kanskje hadde gløymt. Han fangar opp "grasrot-religionen".

Klaudios Ptolemaios (ca.  100 - 170 e.Kr)

Utvikla antikkens mest avanserte kart og koordinatsystemer i sitt verk Geographia.

4 Filosofi og drama (tanken og speilet)

Platon og Aristoteles

Dei to gigantane som forma vestlig filosofi og vitenskap.

Tragedieforfattarane (Aiskhylos, Sofokles, Evripides):

Gjennom deira drama ser vi dei djupe konfliktane i det greske samfunnet og menneskesinnet

Aristofanes

Komediekongen som gir oss eit usminka (og ofte grovt) bilde av kvardagslivet og politikken i Athen. Komediane hans skildrar bønder som er lei av krig, kvinner som streikar, og folk som prøver å få endane til å møtast. Han gir oss språket, matvanane og dei politiske meiningane til vanlige folk.

5 Biografier og personligheter

Plutark (ca. 46-120 e.Kr.)

Plutark var prest i Delfi, og hans livsskildringar er vår viktigste kjelde til menneskja bak historien, som Aleksander den store, Perikles og Lykurgos. Plutark er kanskje den vi veit mest om som person, fordi han også skreiv mykje om seg sjøl, sine venner og sin rolle som prest.

6 Romerske formidlarar (brua til oss)

Sjølv om disse skreiv på latin, er dei i dag våre mest brukte kjelder til dei greske historiane.

Ovid (43 f.Kr - 17 e.Kr)

Metamorfoser er den mest levande gjenforteljinga av gresk mytologi som fins

Vergil (70-18 f.Kr)

Æneiden knyter gresk heltetid saman med Romas storhet, og viser korleis den greske arven vart ført vidare.