Fysikk 2: Programmering i eksamensoppgaver

V23

Oppgave 1f: Oppgavetype "Kva er rett kode"

Kommentar: dette er eit fysikkspørsmål, og ikkje eit programmeringsteknisk. Ved å dekomponera G langs etter og på tvers av bevegelsesretningen, så finn vi at svaret er A.

Oppgave 1k

Samme type: "Kva er rett kode for linje 6".

Oppgave 5: Forklare kode + begrunne formel i koden + skriva program

d) Lag eit program som reknar ut baneradiusen til protonet den tredje gongen protonet bevegar
seg i området V. Du kan ta utgangspunkt i koden over. Den magnetiske flukstettleiken B = 0.045 T i begge områda.

Her må vi både forklara det programmeringstekniske og fysikken i formelen. Sensorveiledningen seier: "Det skal trekkes dersom eleven ikke begrunner formelen"
Prog.: Vi har ei for-løkke som kjører 10 gonger. (linje 10) I linje 11 blir verdien for farten v oppdatert, basert på den forrige verdien av v.
Fysikken: For kvar runde får protonet ein "dytt" som aukar Ek med qU. Det betyr at v2 aukar med 2qU/m, og den nye v blir då som under:

Kommentar 1: Vi treng ikkje rekna ut ny radius for kvar runde. Det held å gjera det rett før utskriften.
Kommentar 2:
Det heiter ikkje "farta" på nynorsk, tulling!

H23

Oppgave 1j er type "Kva er riktig kode", dvs, fysikkoppgave

Oppgave 1q

Programmeringsteknisk: funksjonen plot skriv ut f_liste som funksjon av v_liste. For kvar runde i løkka blir f_liste oppdatert (med append) med verdien av f(m,c,v),
Fysikken: Vi må kunna "oversetta" koden i linje 4 til vanlig mattespråk, og kjenna igjen denne formelen:


Oppgave 3 (litt rar oppgave)

Kommentar: dette er ein uvanlig måte både å skriva eit slikt program på, og å forklara det. Standardmåten ville vore å dela linje 10 i to:

a = - gamma * M / r**2 (merk minustegnet)
v = v + a*dt
r = r + v*dt (Her med pluss)

Sjå heller oppgave 7d under:

V24

Oppgave 1h

Fasit seier at riktig svar er C
Vi ser på fortegnene i programmet at avstanden som regnes ut øker. Dette er bare tilfelle dersom partiklene har samme fortegn. Siden ladningen bare inngår i utregningen i linje 11, og ladningen her er kvadrert, har det ikke noe å si om ladningene er positive eller negative, så lenge de er like.

Oppgave 7d

Her er akselerasjonen a gitt i c). Så den går rett inn i linje 13. Og resten føljer malen for simulering i 1D:
a = (U*B*L - v*B*B*L*L)/(R*m)
v = v + a*dt
s = s + v*dt
t = t + dt

H24

Oppgave 1k er eit fysikkspørsmål.

Oppgave 4d

Her skal du programmera, og det er knapt nok noken kode som er gitt. Men også her kan du følja malen for simulering i 1D:
Vi treng å slå opp i tabell for å finna månens masse og månens radius. Vi treng også gravitasjonskonstanten.
Merk at vi ikkje treng å rekna ut tyngden G, sidan vi kan finna ein formel for g = G/m.
Her bør vi argumentera for at vi ikkje treng å rekna på Månens bevegelse, sidan massen til Luna er så liten i forhold til månens masse.
Merk at vi startar med negativ fart (mot venstre), og at a har negativt fortegn.

Då blir koden, med kommentarer, slik:

# Konstantar
M = 7.35E22      # Månens masse i kg
R = 1737E3       # Månens middelradius i m
gamma = 6.67E-11 # Gravitasjonskonstanten

# Startverdiar
r = R + 900E3    # avstanden frå Luna til månens sentrum i m
v = - 1440       # Luna sin startfart i m/s
t = 0            # Starttid i s
dt = 0.001       # Tidssteg i s

while r > R:
    a = - gamma*M/r**2 # akselerasjonen er retta mot venstre
    v += a*dt
    r += v*dt
    t += dt
   
print("Det tok",round(t),"s")
NB! Fasit har ein annan variant, men eg påstår at min er betre!