Kaotisk pendel

Amplitude = 1.82

Dette er ein dempa pendel som i tillegg er påvirka av ei periodisk kraft med ein justerbar amplitude. Dempinga er linæer, dvs vi kan tenkja oss ei friksjonskraft som er proporsjonal med farten. Dempingskonstanen er 0,5 og frekvensen til den periodiske krafta er 2/3 av pendelen sin egenfrekvens, dvs. den frekvensen pendelen vil svinga med uten påvirkning.

Varier amplituden og observer korleis pendelen oppfører seg under ulike verdiar. Somme gir ulike periodiske bevegelsar, mens andre gir kaotiske. Til høgre har vi plotta eit fasediagram med vinkelen lange den horisontale og vinkelfarten langs den vertikale. I kvart tidspunkt vil pendelen vera beskriven av ein bestemt vinkel og ein bestemt vinkelfart. Etter som tida går vil det danna seg kurver som beskriv systemet. Periodiske svingningar vil ha enkle lukka kurver, mens kaotiske svingningar produserer komplekse og festlige figurar. Sjekk feks. området mellom 1,20 og 1,25. Les meir om kaos. Gå tilbake til oyro.no,

Simuleringa er laga av Dan Schroeder, Physics Department, Weber State University. Sjekk andre program frå Weber.