Vi skiller mellom vektor og skalar. Ein vektor har både verdi og retning, mens ein skalar (vanlige tal) har verdi, men ingen retning. I norske lærebøker er den vanlige notasjonen for ein vektorar eit navn med ei pil over navnet på vektoren. Men det er også ikkje uvanlig å bruka utheva skrift, og for å forvirra deg mest mulig, bruker eg den notasjonen (Neida, det bare er litt vanskelig med piler over i HTML!) Uansett skrivemåte, bør det gå fram av konteksten om ein snakkar om vektorar eller ikkje.
Vektoren fart, kan vi av og til angi med retning og verdi. Vi kan sei at vi kjører nordover i 60 km/h. Då angir "60 km/h" bare størrelsen til vektoren fart. Dette kallar vi ofte det for banefarten. Generelt snakkar vi om lengden av ein vektor, eller absoluttverdien av ein vektor.
Vi kan tegna vektorar som piler, der lengden av pila er lik
(absolutt)verdien av vektoren. Men definisjonen av ein vektor fortel ikkje
noko om kor pila startar eller ender. Det vil sei at to piler som er tegna
på ulike plasser, kan representera den same vektoren. Vi seier då at
vektorane er like.
Eksempel: Hvis vi forflyttar oss i planet frå A til B, kan vi tegna
det som vektoren AB under. Men vektoren u har samme
retning og samme verdi som AB. Det betyr at dei er like. u
= AB
I figuren over kan vi komma frå punkt A til punkt B ved å gå 4 enheter til høgre (langs x-aksen) og 3 enheter rett opp (langs y-aksen). Vi kallar dette for koordinatane til vektoren AB, og skriv at AB = [4 ,3]. Vi ser også at vektoren u har dei same koordinatane: u = [4, 3]. Dette betyr igjen at u og AB er like.
Merk at i norske lærebøker vil du som regel finna at vektorkoordinater blir notert med klammeparentes, som over. Men i engelske bøker og nettsider finn brukes det ofte vanlige parenteser. Det kan fort forvirra, så les nøye! Også GeoGebra kan dette også forvirra. Hvis du feks. skriv med liten bokstav a = (3,4) så blir a ein vektor. Hvis du derimot skriv med stor bokstav A = (3,4), så blir A eit punkt! (Sjå side 222)

Definisjon: To vektorar er motsette hvis dei har same lengde men motsatt retning. Vektoren AB er motsatt av vektoren BA. Då skriv vi at BA = -AB. Hvis vi bruker den same som i stad får vi på koordinatform at BA = [-4, -3]. Vi kan også sei at den motsette vektoren av [x, y] er vektoren [-x, -y].
På same måten som med skalarer, så har vi eit null-element i vektor-rekning. Nullvektoren er ein vektoren [0, 0]. Dette er altså ein vektor med lengde 0.
Lengden av vektoren AB over, er det same som avstanden mellom punkta A og B. Vi finn denne vha. Pytagoras-setningen. Vi kallar lengden av ein vektor for absoluttverdien, og vi bruker vertikale strekar for å skriva dette. Absoluttverdien av vektoren u skriv vi altså som |u|.
Lengda av vektoren AB som vi altså skriv |AB|, blir då lik 5.
Det er ikkje vanskelig å sjå at vektoren mellom to punkt er lik differansen mellom koordinatane til disse punkta: (Men her må du vera nøye med rekkefølgen)
Hvis startpunktet til vektoren er origo O = (0,0), og punktet P har koordinatane (x,y), så ser vi at vektoren OP = [x,y]. Derfor kallar vi OP for posisjonsvektoren til punktet P:

Hvis vi forflyttar oss først frå punkt A til punkt B, og deretter vidare frå punkt B til punkt C, så er den totale forflytningen frå A til C. Derfor er det naturlig å definera vektorsummen slik at AB + BC = AC:


Hvis vi skal summera to vektorar u og v, så må vi først parallellforskyva den feks. v slik at den begynner der u sluttar. Vi kan også gjera omvendt.
Ved hjelp av ein figur kan vi sjå korleis dette blir med vektorkoordinater:

Vi ser (sant?) at vi får følgande formel for vektorsummen:


Ved hjelp av formelen får vi at vektorsummen u + v = [2 + 3, 3 + 1] = [5, 4]. Vi ser at dette stemmer med den oransje vektoren i figuren.
Både ved å tegna og å rekna på vektorar, ser vi at følgande to lover gjeld:

Slik ser vektordifferansen ut med piler. Vi startar altså på venstre side, men vektorane u og v. Så snur vi v og får -v. Deretter legg vi saman u og -v, og får ein sum (raud pil) som egentlig då er differansen u - v.

For å finna ein tilsvarande formel for differansen, så skriv vi det om som summen med den motsette vektoren. Med andre ord seier vi at:
Eὕρηκα! 💡
Altså: Hvis u, og v er gitt med
koordinatane over, så er -v = [-x2, -y2].
Derfor får vi følgande formel for differansen u - v:


Kommentar: Eg har fargelagt to ting her:
Det første er at vi skal finna vektoren p - q (blå vektor) med
tegning, og så lesa av koordinatane.
Det andre er at vi skal bruka formelen for differanse og sjå at vi
får samme svaret med den.
No har vi sett på to operasjonar med vektorar, dvs. ting vi kan gjera med vektorar. Ein annan operasjon er å multiplisera ein vektor v med eit tal, dvs, ein skalar k. Kva meiner vi med det? Vi kan sjå først på eit spesialtilfelle. Når vi summerer vektoren v med seg sjøl, får vi ein ny vektor 2v. Åpenbart må den vera parallell med v. Dette må gjelda generelt:
Med kv meiner vi ein ny vektor som er parallell med v,
og som har lengde |k| gonger |v|.
- Hvis k er positiv, har kv og v same retning, og hvis k er
negativ har dei motsett retning.
Vi kan også finna ka 2v blir på vektorform:
Vi har altså denne regelen:

Dermed har vi ein metode for å finna ut om to vektorar er parallelle:
(Sjå 5.7)

Sjå oppgavene 5.90 og 5.91
Å skriva ein vektor som summen av to (eller fleire) vektorar, kallar vi å dekomponera vektoren. Dette kan egentlig gjerast på uendelig mange måter. I planet kan ein vektor F dekomponerast i langs to vilkårlige retningar ved å danna eit parallellogram som under: Då har vi altså at F = F1 + F2.
Som regel er vi interessert i å dekomponera vektorar i eit kartesiske koordinatsystem (der x- og y-aksane står normalt på kvarandre), langs x- og y-retningen. Så vi skriv vektoren v = vx + vy :

Vi definerer enhetsvektorane ex = [1, 0] og ey = [0, 1]. Dette er altså vektorar i x- og y-retning med lengde 1. Ved hjelp av disse kan vi skriva ein vilkårlig vektor u som ein sum av fleire slike enhetsvektorar:

Slik kan vi altså dekomponera ein hvilken som helst vektor [x, y]:

1) Finna lengden av x- og y-komponentane når |v| og vinkelen
er kjent
2) Finna vinkel når komponentane er kjent
1) Sinus har denne definisjonen:
Vinkelen mellom to vektorar er mellom 0 og 180 grader:

2) mens Aschehoug har denne:
Vi kan visa at disse er ekvivalente.
Frå Def1, ser vi får vi nokon enkle samanhengar
Ortogonale vektorar
Når to vektorar står normalt på kvarandre, seier vi at dei er ortogonale. Vi har denne ekvivalensen:
Projeksjonen av ein vektor / parallellkomponent
Hvis vi tegnar to vektorar a og b med felles startpunkt, ogfeller ein normal ned frå spissen av a ned på b får vi vektoren a1. Dette kallast noken gonger for projeksjonen av a på b, og noken gonger for parallellkomponenten av a langs b. Då kan vi kalla a2 for normalkomponenten. Vi ser at lengda av a1 kan finnast som |a1|= |a| cos θ .

Vinkelen mellom to vektorar
Ved å kombinera Def1 og Def2 over finn vi følgande formel for vinkelen mellom to vektorar

Anvendelsar: Arbeid
Ei konstant kraft F som virkar på ein gjenstand som forflyttar seg s, gjer eit arbeid lik skalaproduktet mellom vektorane F og s:
