Merk at ein parameterframstilling ikkje er eintydig, sidan det er uendelig mange punkt som ligg på linja, og det er uendelig mange retningsvektorar. Hvis to punkt er gitt på linja, kan du finna ein retningsvektor for linja ved å bruka regelen for vektor mellom to punkt.
* Finna ut om eit gitt punkt ligg på linja: Sett inn
koordinatane (x og y) inn i parameterframstillingen, løys mhp. t. Hvis du
får samme t, så ligg punktet på linja.
* Finna skjæring med x-aksen: Sett inn y = 0, løys mhp. t. Sett
t-verdien inn i uttrykket for x. Tilsvarande for skjæring med y-aksen.
* Finna likningen for linja: bruk likningen for x, og løys den
mhp. t. Sett inn i likningen for y og ordne. (eller du kan gjera motsatt
vei)
* Finn parameterframstilling for ei linje m som står normalt på linja
l. Finn normalvektoren til retningsvektoren for l, og bruk denne som
retningsvektor for m.
* Skjæringspunkt mellom to linjer: Bruk ulike navn på
parameterane, feks t og s! Set x-verdiane lik kvarandre, og y-verdiane.
Løys mhp. enten t eller s, og sett inn i den tilsvarande
parameterframstillinga.
* Avstand mellom eit punkt A og linja l. Finn ei
parameterframstilling for ei linje m normalt på l. Finn skjæringspunktet S
mellom l og m. Finn avstanden mellom A og S
Sjå NDLA: Parameterframstillinger for linjer.
Hvis vi tolkar parameteren t som tid, så kan vi tolka punktet (x0, y0) som startpunktet i ein rettlinja bevegelse der eit objekt flyttar seg med den konstante farten [a, b]. Altså:

Ei svært vanlig oppgave er då å finna ut om to objekt (eller partiklar som Sinus kallar det over) vil krasja på eit eller anna tidspunkt. Framgongsmåten er som over, når vi finn skjæringspunktet mellom to linjer. Forskjellen er at her må vi finna både t og s for skjæringspunktet. Hvis dei er like, så vil objekta krasja. Ellers ikkje. Vi treng faktisk ikkje å rekna ut skjæringspunktet, men det er uansett ofte ein del av oppgava.
Vi kan også laga parameterframstillingar av kurver. Generelt kan både uttrykket for x og y vera kva som helst funksjon. Så vi kan skriva:
Hvis vi GeoGebra for eksempel skriv Kurve(sin(3t + 1), sin(t), t, 0, 2π) får vi denne vakre kurven, som er ein av mange såkalte Lissajouskurver. Vi ser at denne kurven ikkje kan vera grafen til ein funksjon y = f(x), sidan det er mange punkt på kurven med same x-verdi, men forskjellig y-verdi. Men vi ser at både x og y er funksjonar av t.
Hvis vi også her tolkar t som tid, så beskriv kurven no ein bevegelse i planet som ikkje er rettlinja.
Ein litt meir aktuell kurve får vi hvis vi skriv k=Kurve(10 t,-4.9 t^2+13 t+2,t,0,3). Det gir denne grafen under, som vi ser nærmare på nedanfor:
Vi lar no punktet P ligga på kurven vår. Då kan vi definera vektoren r = OP. Det vil sei at r er posisjonsvektoren til punktet P. Sidan P er avhengig av parameteren t, så blir også vektoren r det. Då har vi det som kallast ein vektorfunksjon r(t):
Hvis parameteren t i eksempelet over er tid, så kan vi tolka vår vektoren r(t) som posisjonsvektoren i eit skrått kast (feks. kast av ein ball) uten luftmotstand. Kurven k viser då den banen objektet vi få i xy-planet, der x(t) = 10t gir oss x-koordinaten (horisontalt), og y = -4.9t2 + 13t + 2 gir oss y-koordinaten. (vertikalt, dvs høyden)
For å forklara dette, må vi sjå litt på fysikken i dette:
Både x(t) og y(t) er ein variant av denne bevegelsesformelen for s(t). Her er s0 startposisjonen, dvs s(0), v0 er startfarten og a er akselerasjonen.

I skrått kast er det ingen akselerasjon i horisontal retning, dvs vx er konstant, og akselerasjonen i vertikal retning er konstant, ay = -g. Hvis vi lar bevegelsen starta i origo (dvs. x0 = y0 = 0), får vi disse likningane for x og y:
Vi deriverer ein vektorfunksjon ved å derivera funksjonane x(t) og y(t) kvar for seg.
Vi veit at r'(t) er lik (momentan)farten. Tilsvarande er akselerasjon den deriverte av farten, eller den andrederiverte av posisjonen:
I vårt eksempel får vi at x'(t) = 10. Dette fortel oss at ballen har den konstante farten 10 m/s i horisontal retning. Vidare får vi at y'(t) = -9.8t + 13, og hvis vi deriverer ein gong til, får vi at x''(t) = 0, og y''(t) = -9.8. Dette fortel oss at ballen har den konstante akselerasjonen a = [0, -9.8] i vertikal retning. Dette stemmer, sidan vi har sett bort frå luftmotstanden, slik at akselerasjonen er lik tyngdeakselerasjonen, dvs. rett nedover.
Med litt fargar kan vi då få ein graf som ser slik ut: