Installasjon av Anaconda & Spyder

Mens kompilerte program kan kjørast direkte, så må skript som Python kjørast gjennom eit anna program, ein Python-tolkar (interpreter). Det fins mange måtar å gjera det på, men vi skal bruka ein pakke med ulike verktøy som heiter Anaconda. Pakken inneheld også Spyder, som er eit IDE eller integrert utviklingsmiljø (Integrated Development Environment). Eit IDE inneheld som regel ein teksteditor, ein kompilator eller, i vårt tilfelle, ein tolkar. I tillegg er det ofte ein debuggar (feilsøkingsverktøy. Programfeil kallast ofte "bugs") og verktøy for revisjonskontroll ++. Dette er veldig lettvint for då kan vi både å skriva og testa programma våre med samme verktøy.

Du kan lasta ned Anaconda her: https://www.anaconda.com/download/ . Når du har installert Spyder, er det normalt sjelden vi treng Anaconda. Så legg gjerne Spyder direkte på oppstartlinja di.

Bibliotek

Anaconda inneheld følgande pakkar:

Hvis du vil testa at du verkelig har desse, kan du lasta ned og kjøra dette programmet.

Pygame og pip

Vi treng antagelig ikkje alle disse, men dei kjem jo med i pakken. Det vi derimot må manuelt leggja inn er pakken pygame. Pygame er eit bibliotek for å laga spill og animasjonar. Det blir karakterisert som "... not the best game library. It's not even the second best. But we think it's sort of ok."

Innstalasjonsprogrammet  pip er eit lite program som held rede på pakkar / modular, og skal vera inkludert i instalasjonen. Går til kommandovinduet ("ledetekst") og skriv "pip install pygame". Hvis du får feilmelding (som: 'pip' is not recognized as an internal or external command) er det antagelig fordi stien til programmet pip ikkje er lagt inn i  miljøvariablane. Sjå her eller her for hjelp. På ein PC kan pip.exe gjerne liggja i C:\Users\BRUKER\AppData\Local\Continuum\anaconda3\Scripts (erstatt BRUKER med din bruker). Du må antagelig restarta maskinen for at dei nye miljøvariabelen blir tatt i bruk. Hvis du lurer på ka slags pakkar som er installert, så kan du skriva "pip list". Du får hjelp til kommandoar ved bare å skriva "pip". Eller du kan lesa her.

NB: Sjølve Spyder skal ikkje innstallerast eller oppdaterast via pip, men gjennom Anaconda. Det betyr at sjøl om det har kome ein ny versjon av Spyder, så er det ikkje sikkert at denne er inkludert i den siste versjonen av Anaconda.