ALIFE

6 februar 2015

ALIFE er ein forkortelse for Artificial life, altså Kunstig liv. Vi kan sei at det er studiet av kunstige organismar eller livsformer. Grunntanken bak feltet er at ein trur vi kan læra mykje om livet ved ikkje å begrensa oss til livet slik det er på jorda, men også livet slik det kunne ha vore. Det er tre hovedmetodar 1) Datasimuleringar, også kalla "Soft Alife", 2) utvikling av robotar eller annan hardware, også kalla "Hard Alife", eller 3) forsøk innan biokjemi som blir kalla "Wet Alife". I denne artikkelen ser vi mest på datasimuleringar.

Ein kan sei at studiene av kunstig liv foregår på ulike nivåer. På det lavaste nivået finn vi td. cellulære automater, som James Convays Game of Life, eller som Langtons maur, som simulerer korleis enkle reglar i eit kunstig miljø kan gi opphav til livsliknande strukturar som reproduserer seg sjøl. På eit høgare nivå finn vi modellering av autonome agentar som lærer, tar beslutningar, møter andre agentar og som reproduserer seg sjøl gjennom ein kunstig evolusjon. Ofte er nevrale nett brukt til å simulera "hjernen" til ein agent. Sentralt for teoriar om utvikling av instinkter i organimer med ein viss nevrologisk kompleksitet er symbiosen mellom læring og evolusjon. Evolusjonen av intelligens forutset evne til læring som i seg sjøl må vera utvikla gjennom evolusjonen. Evolusjon kan simulerast gjennom Genetiske Algoritmer, eller meir generelt med Evolutionary Algorithms (som eg ikkje er sikker på ka som er den rette norske betegnelsen for).

Både nevrale nett og evolusjonsprogram har to variantar som går på om prosessen er styrt eller ikkje. Målstyrt læring (supervised learning), som vi kunne kalla indoktrinering, av nett baserer seg på ein algoritme som søkjer å minimera feilen nettet gjer i forhold til ein fasit. På den andre sidan fins ustyrt læring (unsupervised learning) der algoritmen prøver å kategorisera data på egen hånd. Dette kan vi muligens kalla danning. På same måten er tradisjonelle genetiske algoritmer styrt ved at fitness er ein funksjon av avvik frå fasit. Dette kan vi kanskje kalla avl. Men andre algoritmar lar fitness vera ein funksjon av korleis agenten klarer seg i møtet med miljøet. Denne meir opne prosessen er slik ein betre modell for den biologiske evolusjonen. Beslekta med dette er optimalisering av marukoloniar og oppførselen til såkalte svermar.

LENKER

Wikipedia: Artificial Life
International Society for Artificial Life