Bifurkasjon

Bifurkasjon (todeling) betyr i geografisk samanheng at ei elv forgreiner seg og den eine greina forlet hovedelveløpet. I matematisk samanheng snakkar vi som regel om korleis eit system går frå ein stabil tilstand til ein kaotisk. Som eksempel ser vi på den logistiske avbildningen (logistic map) som er representert ved likningen xn+1 = r * xn * (1 – xn). Parameteren r har stor effekt på langtidsoppførselen til systemet. For små r (r < 3) går x mot ein enkelt verdi. Td., når r = 2, går x mot 0.5. Men plutselig begynner x å veksla mellom to verdiar. Td., når r = 3.2 alternerer x mellom 0.5 og 0.8 (avrunda). Etter som vi aukar r ytterligare, vil systemet så gå over til å veksla mellom fire verdiar. For r = 3.5 vekslar x mellom 0.38, 0.5, 0.83 og 0.87. Og denne såkalte periodedoblinga, som er typisk for kaotiske system, fortset heilt til systemet er heilt kaotisk, og ikkje har noken asymptoter.

Eit bifurkasjonsplott er ein måte å visualisera dette på. Her er r plotta langs den horisontale aksen, mens den vertikale aksen viser kva mulige verdiar x går mot asymptotisk. Ein annan måte å visualisera dette på er såkalte Cobweb Diagram.

Dette er eit program skrive i javascript og henta frå Jeremy Likness sin side med kommentarer