200 entusiastiske drosjesjåfrar får i oppdrag å kjøra i sine gule bilar til ein ukjent stad for å plukka opp ein kunde. Dei får ikkje vita kor dei skal, men dei får bare utlevert ei lang remse med 1000 tal-par som liknar på dette: (10,2) (0,-4) (1,9) osv. Kvart talpar betyr kva retning bilen skal "dyttast" på eit gitt tidspunkt. Med andre ord: i tidspunkt 1, skal bilen dyttas kraftig i x-retning og svakt i y-retning. Det vil sei at om han alt har ein fart på i x-retning så skal den auka, Men hvis han kjører i motsatt retning, så skal den minka. På tidspunkt 2 skal han forsetta med same fart i x-retning (sidan akselerasjonen er 0). Alle sjåførane skal følga kjøreinstruksjonane på remsa si heilt til dei enten er framme hos kunden (grøn runding) eller krasjar i ein vegg. Deretter måles avstanden til kunden. Så blir det utarbeida nye remser basert på dei gamle: 1) To og to remser kan klippast i to på ein tilfeldig stad, og så bytter vi om på bitane og limer saman igjen. 2) Noken plasser på remsene blir talpar erstatta med tilfeldige nye. Dette blir gjort på ein slik måte at dei remsene som som gav kortast avstand blir brukt oftare til å laga nye, enn dei dårlige. Slik fortset jakten på kunden så lenge du vil. Som du snart vil oppdaga: virtuelle drosjesjåførar er like lite sjølstendige som det norske journalistlauget ;) Dette er eksempel på ein såkalt Genetisk Algoritme, som du kan lesa meir om her: her.