Forrige | arkivet |
|
||
Skibaking og andre
OL-greiner
Av Gunnar Øyro I DISSE OL-tider kan ein ikkje anna enn å undra seg over alle dei ulike idrettane som fins i verda. Idretter som du knapt hadde høyrt om, kjem no fram frå gløymsla og dukkar opp på skjermen. Det er som om kvar mann skal ha sin idrett. Alle skal ha sin olympiske medalje. Dette, å få sine 15 minuttars berømmelse, og eit stykke gullforgylt metall til å hengja rundt halsen, det er sjølve fullendelsen av livet til ein olympier. Så kan resultata repeterast og rerfererast til i all evighet av allverdens Arne Scheiar som kan utenat resultatlistene frå ungdomskretsmesterskapet i skihopp i Granåsen 1982, og pauseresultatet mellom Shrewsbury og Reading i 2. runde i FA-cupen i 1968. SÅ LA OSS DÅ slå fast at det å få ein olympisk medalje er ein menneskerett! Men både du og eg manglar enno ein slik. Til det er det enno ikkje nok idretter. Ergo må vi finna opp nye. Dette er ikkje så vanskelig som ein skulle tru. Det vanligaste er jo bare å finna opp ein ny distanse. Vi har alt både ein og to engelske miles, og snart vil vi nok få øvelsar som trekvart engelske mil på skøyter, tusen-og-ein meter løp, tusen-og-to osv. Med andre ord: Vi kjem langt med å triksa med dei øvelsane vi alt har. Stikkord her er variasjon og kombinasjon. HINDER OG HANDIKAP: MENS VI SNAKKAR om Pyton, så huskar kanskje
mange 100m for folk utan retningssans, maraton for inkontinente (stadig
pissetrengte) og ikkje minst fotballkampen mellom tyske og greske
filosofar. No er vi inne på handykappidrett, og her er variasjonsmulighetene
mange. Det har td. undra meg at mange vanlige handikapp ikkje får
vera med i handikap-OL. Kor mange fins det td, som manglar ein arm
egentlig? Det er vel langt fleire av oss som er litt for feite, litt
for late, som ikkje bryr oss og som ikkje forstå vitsen med
å konkurrera i det heile. Vi vil også ha våre olympiske
greiner! Og korfor er det bare dei som trenar som får vera med?
Dette med trening er egentlig juks på linje med dop og høgdehus.
La oss derfor forby trening, for då vert idretten meir demokratisk.
Ein måte å gjera dette er å innføra Tommyball,
for i denne greina vert reglane til under veis. DET ER IKKJE ENDE på ting som kan kastast.
Frå før har vi kuler, ballar diskosar, sleggjer og spyd.
Så har det kome til mjølkespann, dartpiler, hestesko,
egg, slukar (dette kallast casting) og ikkje minst (!) dvergar. Her
er det bare å gå i skap og boder og henta nye ting til
å kasta. Til saman bli det søppelkasting, noko vi nordmenn
alt er verdsmestrar i, eller om vi kombinerer med eting, kan det bli
oppkast, noko vi også skulle vera godt trente i. Vi kan også
senda ting avgårde som sklir (steinar som i curling) eller rullar
(som i bowling) Og som om ikkje det er nok, kan vi sputta ting (morellsteiner
td.). Går vi lei av å kasta og trilla og sputta kan vi
gjerne slå på ting. Baseball, krokket, golf og tennis
eksempel på det. Folk har forsøkt seg med ekte vare i
badminton (kyllingar td.) men det vil eg ikkje anbefala! Prøv
heller sprettballar. Eg har sjølv testa ut sprettballkrokket,
og kan anbefala det på det varmaste. Andre krokketvariantar,
som fjærekrokket og terrengkrokket er også bra. Det er
heller ingen grenser for kva vi kan skyta på: vanlige blinkar,
ballongar, løpande villsvin, knoppar, (dvs. knoppskyting),
og den eldste skytesporten av dei alle, nemlig på løpande
mennesket (såkalt kroppskyting) slik vi ser det i de nye militære
femkampen (sjå kombinert nedanfor) HVIS oppfinnsomheten tar slutt i å variera
enkeltidretter, er det enno uante muligheter i kombinert! For alle
desse merkeleg tidtrøytene kan kombinerast med kvarandre, enten
to og to eller fleire (femkamp, sjukamp tikamp osv.) så får
vi tusenvis av nye idrettar, og tusenvis x 3 nye medaljemuligheter.
Frå før har vi skiskyting, kombinert og alpinkombinasjonen,
men her er det bare å bruka fantasien. Kva med hoppskyting:
skihopping og skyting samtidig? Det ville sikkert bli ein publikumstreffar,
bokstaveleg talt. Eg vil også slå eit slag for å
kombinera dei mjuke og dei harde sidene til utøvarane - for
vi vil jo ha heile menneske, vil vi ikkje? Derfor foreslår eg
lukeboksing (boksing og luking - med same hanskar selvfølgelig),
ludopadling, skibaking, 100m hekleløp og 20 km kappsang. Det
er etterkvart kome nye variantar av dei gamle femkamp etc. idrettane.
Vi har fått moderne femkamp med ridning osv, og snart kjem det
nok moderne tikamp. Nato har innført moderne militær
femkamp som består av øvelsane bombing frå stor
og lav høgde, snikskyting med og utan utarma uran og sprenging
av sivile mål. OM heller ikkje dette er nok, så må vi innføra fleire OL for bestemte grupperingar som elles ikkje har så lett for å få medaljer. Vi har alt handikap-OL, og vi har nevnt fotball for filosofar. Dei bør jo ha sitt eige OL også. Andre forslag er: OL for svenskar, tapar-OL og politikar-OL. Eg ser for meg øvelsar som td. politisk femkamp: smisking, kverulering, lyging, fusking, og babling. Og her skulle vi ha gode muligheter lokalt! SJØLV har eg tenkt å melda meg på i OL for furtne førtiåringar (OFFF!), i greina sleivspark. Til deg som tar ut laget: Sjå på websidene mine på "go.to/oyro". Med Olympisk helsing
|