I tillegg til dei innebygde funksjonane har Python mange matematiske funksjonar. Dei vanligaste finn du i bibioteket math. Her er ei liste med dei (fleste) som vi har bruk for, med lenker. Sjå alle funksjonane her. Ellers kan du finna endå fleire mattefunksjonar i biblioteket numpy.
For å bruka dette må vi importera biblioteket ,feks. ved å skriva import math. I programmet må vi då bruka prefikset "math" framfor funksjonen. For eksempel heiter cosinus-funksjonen math.cos(x)
Funksjon | Beskrivelse | Eksempel |
---|---|---|
ceil(x) | Returnerer det minste heiltalet som er større enn x. Sjå også floor() og trunc(). | ceil(3.14) gir 4 ceil(-3.14) gir -3 |
cos(x) | Returnerer cosinus til ein vinkel x i radianer. Sjå også radians(). Den omvendte funksjonen heiter acos(). | cos(1.57) gir 0.0007963267107332633 |
e | Gir ein tilnærmingsverdi av eulers tal e | e gir 2.718281828459045 |
degrees(x) | Konverterer vinkelen x frå radianer til grader. Den omvendte funksjonen heiter radians(). | degrees(1.5707963267948966) gir 90.0 |
exp(x) | Returnerer ex: | exp(10) gir 22026.465794806718 |
factorial(x) | Returnerer x! (x fakultet) | factorial(4) gir 24 |
floor(x) | Returnerer det største heiltalet som er mindre enn x. Sjå også ceil() og trunc(). | floor(3.14) gir 3 floor(-3.14) gir -4 |
gcd(a,b) | Returnerer største felles faktor av heiltala a og b | gcd(20, 12) gir 4 |
hypot(x,y) | Returnerer lengden av hypotenusen i ein rettvinkla trekant der katetane er x og y. | hypot(3,4) gir 5.0 |
log(x) | Returnerer den naturlige logaritmen av x, dvs ln(x): | log(3) gir 1.0986122886681098 |
log10(x) | Gir tierlogaritmen av x, dvs. log(x). | log10(1000) gir 3.0 |
sin(x) | Returnerer sinus til vinkelen x i radianer. Sjå også radians(). Den omvendte funksjonen heiter asin(). | sin(1.57) gir 0.9999996829318346 |
radians(x) | Konverterer vinkelen x frå grader til radianer. Sjå også degrees(). | radians(90) gir 1.5707963267948966 (dvs. pi/2) |
sqrt(x) | Returnerer kvadratrota av x | sqrt(9) gir 3.0 |
trunc(x) | Returnerer heiltallsverdien av x, dvs funksjonen fjernar desimalane etter komma. Sjå også ceil() og floor(). | trunc(1.999) gir 1 trunc(-1.999) gir -1 |
pi | Gir ein tilnærmingsverdi av pi. | pi gir 3.141592653589793 |
tan(x) | Gir tangens til vinkelen x i radianer. Sjå også radians(). Den inverse funksjonen heiter atan(): | tan(0.7853981633974483) gir 0.9999999999999999 |