LIVET, UNIVERSET OG ALT MULIG:
DU ER HER! Enten du liker det eller ikkje, det er her du er:
inne i din egen hjerne. Enten du trur på ei sjel eller ikkje, så er
hjernen senteret for tankane dine. Men kva er egentlig ein tanke? Og
korleis oppstår dette "eget" som tenkjer? Korleis tenkjer, sansar og
kommuniserer vi? Korleis lærer vi, og kva er egentlig bevissthet? Fins
det noko som den frie vilje? Dette er ein del av dei spørsmåla som
alltid har fascinert meg, og som eg skriv litt om her. Andre spennande
spørsmål er: kva er liv, og korleis oppsto livet? Og ikkje minst: kva er
dette stoffet vi er laga av, og korleis vart det til?
DU ER OGSÅ HER: Figuren over illustrerer også at mennesket ikkje lever i tomrom, men i
eit samfunn. Vi er opne for påverkning, propaganda og manipulering.
Samtidig påvirkar vi sjøl miljøet, og vi konstruerer systemer som i sin
tur påverkar oss. Viktige spørsmål for meg vert då: korleis dannar vi
oss meiningar? Og korfor tar vi dei politiske og etiske valga vi gjer?