PausaniasReiser

Pausanias sine reiser.

Det eg skriv om her er forteljinga om eit viktig stykke kulturhistorie: korleis ein mann for snart 2000 år sidan brukte tjue, kanskje tredve år av sitt liv til å reisa rundt i Hellas, og skriva om det han såg og det han visste og det han lærte om dei stadene han kom til. Og meir: korleis boka han skapte kom til oss, og vart tilgjengelig for alle på nett. Denne beretningen handlar derfor både om Pausanias si fysiske reise, og om den symbolske reisa han gjorde ved hjelp av sitt verk Beskrivelse av Hellas.

Pausanias

Pausanias (gresk: Παυσανίας, Pausanías; født ca. 110, død ca. 180 e.Kr.) var ein gresk reisande og geograf på 100-tallet e.Kr. Han levde på same tid som keisarane Hadrian, Antoninus Pius og Marcus Aurelius. Pausanias var mest sannsynlig innfødt fra Lydia, og var ein velståande mann, noko som gjorde det mulig å gjennomføra disse tidkrevande reisene. Pausanias er kjent for sitt bok Beskrivelse av Hellas (Ἑλλάδος περιήγησις, Hellados Periegesis). Dette er eit omfattande verk som beskriv antikkens Hellas og store deler av den hellenistiske verda frå hans egne observasjonar. Verket er en avgjerande forbindelse mellom klassisk litteratur og moderne arkeologi, og er ein av dei viktigaste samtidige kjelder til antikkens monumenter i Hellas.

Reisene og skrivinga

Det er brei enighet om at Pausanias gjorde eit grundig resarch over ein periode på minst tjue år der han foretok mange reiser. Før han konsentrerte seg om Hellas, hadde han sansynligvis reist mykje i andre deler av Romerriket, inkludert Lilleasia, Syria, Palestina, Egypt og Italia. Reisene på det greske fastlandet skjedde frå ca. 150 e.Kr til han døydde. Han besøkte ikkje bare dei store maktsentera som Athen, Sparta, Olympia og Delfi, men tok seg også fram på vanskelige fjellveier for å besøkja isolerte, små landsbyer (eks?)

Forskarar har kome fra til at han ikkje venta til slutten av livet med å skriva, men at han skreiv i etappar, etter kvart som han reiste, eller i pausar mellom reisene. Verket er delt inn i ti bøker basert på geografi. Bok 1 (Attika) vart turleg ferdig rundt år 150 e.Kr, mens dei siste bøkene først vart fullført nærmare 180 e.Kr. Ein antar at han må ha ført detaljerte dagbøker eller notater på stadene, og det fins spor etter revisjonar der han går tilbake og legg til informasjon. Pausanias såg truleg på dette som sitt livsverk. Sidan han kom frå ein velståande familie i Lilleasia, hadde han økonomi til å reisa med assistentar eller slaver som kunne hjelpa med logistikk, og kanskje også diktering.

Kva visste han frå før? Kva lærte han underveis?

For å forstå Pausanias og hans verk, må vi huska på at han ikkje virka i eit vakuum. For det første: Pausanias var eit produkt av det greske "renessanse-prosjektet" gjennom sin utdannelse. For det andre. Han levde i eit tid då det romerske imperiet hadde samla veldige mengder kunnskap i store bibliotek: han brukte altså skriftlige kjelder. Og til sist: han kunne trekkja vekslar på ein muntlig tradisjon og lokalkunnskap.

  1. Allmenkunnskap: Pausanias levde i ein periode kalla Den andre sofistikken. Det var ein periode der grekarane under romersk styre var stolte av si eiga fortid. Alle velståande grekarar på hans tid. Når han snakkar om noko som var "kjent for alle" viser han til ting han har lært i retorikkundervisninga.
  2. Skriftlige kjelder: Pausanias var tungt inspirert av dei klassiske forfattarane som levde 500-600 år før han. Hans største forbilde var Herodot (historiens far). Vi kan sjå at Pausanias etterliknar stilen til Herodot, og siterer han flittig. Men for Pausanias var også Homers "Iliaden" og "Odysseen historiske dokument. Han bruker Homers skipsliste for å identifisera eldgamle byar og for å sjekka om mytene stemte med landskapet. Han siterer også poeter og filosofar som Pindar og Aiskhylos for å forklara religiøse forestillingar.
  3. Lokalkunnskap: I det 2. århundre var Hellas på mange måter eit levande museum. På kvart store tempel var det profesjonelle lokale guidar (Exegetai) som Pausanias snakka med. Men ofte var han også skeptisk til det dei fortalte. På sine reiser såg han ting folk gjorde kvar dag - ofringar, festivaler og songar. Dette var kunnskap som vart overlevert frå foreldre til barn, og som han lærte av å vera tilstades. Han kunne i tillegg lesa tusenvis av inskripsjonar på statuebasar og tempel. Nesten kvar by hadde også sine egne rullar med lokalhistorie (horografia). Dei fleste av disse er tapt for oss i dag, men Pausanias leste dei i dei lokale tempela for å forstå detaljar om kongerekkjer og grunnleggelsesmyter.

Så Pausanias kan vi kalla ein brubyggjar. Han tok med seg både den lærde bokkunnskapen frå biblioteka, og kombinerte den gjennom lokale forteljingar og tradisjonar. Men han korrigerte også dette ved  det han leste og såg med eigne auger på sine reiser.

Verket

Pausanias leder oss gjennom ulike regioner i Hellas, med start i Attika (Athen) og vidare gjennom Pelopponnes og det sentrale Hellas. Han beskriv monumenter, tempel og heilagdommar basert på egne observasjonar. På kvar stad supplerer han med lokale sagn, religiøse ritualer og historiske anekdoter. Han gir detaljerte beskrivelsar av kunstverk som no er tapt, blant anna den store gull- og elfenbeinstatuen av Athena Parthenos. Teksten gir også unik innsikt i antikkens religiøse praksis og korleis grekarar under romersk herredømme bevarte sin kulturelle identitet.

Bøker i «Beskrivelse av Hellas»

Her er ein oversikt over dei ti "bøkene" som verket består av.

Korleis verket kom til oss?

Så til den fascinerande historien om kor mykje arbeid, og kor mange mennesker som til saman har arbeid å bevara og overføra teksten til oss i 2026 (i skrivande stund).

Kjeldene

Pausanias skreiv på papyrusrullar som vart kopiert over til pergamentbøker (kodekser) i den seine antikken. Etter romerrikets fall forsette bysantinske munkar å kopiera Pausanias fordi han var ei kjelde til gresk geografi og historie. Dei eldste manuskripta vi har i dag stammar frå det 15. århundre, rett før Konstantinopels fall til osmanane i 1453. Då flykta mange greske lærde til Italia, og tok med seg uvurdelige manuskripter, inkludert tekstane til Pausanias. Et av dei mest kjende er Codex Marcianus Graecus 413, som i dag befinn seg i Venezia. Den berømye boktrykkjaren Aldus Manutius gav der ut den første trykte utgava av Pausanias på gresk i 1516, den såkalte Editio Princeps.

Det er viktig å forstå at vi har mange tilgjengelige tekstar som er overlevert oss. Men dei er ikkje heilt like, og dei har noken hol. Det vil sei at det fins stader i verket der teksten rett og slett er gått tapt. Det ser ut til at alle manuskripta vi  har i dag stammar frå den same mangelfulle kjelda. Dette tapte originalmanuskriptet kallast ein arketype. Heldigvis er teksten i stor grad veldig godt bevart, dvs. dei fleste hola er små. På 1800-talet laga filologar ein inndeling i tre grupper, eller familier for å finna ut kva versjon som er den mest truverdige. Den ser slik ut:

* Forklaring til navna: "Parisinus" betyr at manuskriptet befinn seg i Paris (nærmare bestemt BnF: Bioblioteque nationale de France). "Marcianus" betyr at det ligg i Biblioteca Nazionale Marciana, dvs. Markusbiblioteket, i Venezia "Graecus" betyr at det er skriva på gresk, og 1410 / 413 er katalognummera.

Konservering

Men så må vi heller ikkje gløyma alle dei anonyme heltane som har redda dei fysiske skriftene fram til no, og som fremdeles arbeider for å bevara dei for ettertida:

Oppsummert: det er ein kombinasjon av hardt arbeid gjennom hundrevis av år og rein flaks som gjer at vi i dag kan stå med ei bok i hånda (sjøl om det kanskje er i form av ein mobil) og lesa den same boka som ein reisande gjorde i år 170!

Tillitskrise og rehabilitering

På slutten av 1800-talet og begynelsen på 1900-talet vart Pausanias utsett for hard kritikk frå den tids lærde. Den mest kjende kritikaren var den tyske filologen Ulrich von Wilamowitz-Moellendorf. Han og andre hedva at Pausanias var ein plagiator som sat heime i biblioteket sitt og skreiv av eldre kjelder. Eit av argumenta var språklig: Pausanias skreiv på eit litt gammalmodig vis (såkalt atticisme), og dette vart tolka som at han forsøkte å etterlikna dei gamle skriftene. Eit anna argument var kva han ikkje skreiv om, som moderne romerske praktbygningar som badeanlegg og teater.

Det som redda ryktet til Pausanias var den moderne arkeologien. Då store utgravingar begynte for fullt på stader som Olympia, Delfi og agoraen i Athen fant dei fundamenter, statuebasar og inskripsjonar nøyaktig der Pausanias sa dei skulle vera. Også detaljane i hans beskrivelsar av rekkefølgen på monumenta langs prosesjonsveiene viste seg å stemma på ein prikk. Derned fekk Pausanias oppreisning. Ein av dei som bidrog til dette var arkeologen Sir James George Frazer (1854 - 1941) som, før han skreiv sitt monumentale verk om antropologi og religion, The Golden Bough (1890), gav ut ein stor oversettelse av Pausanias i seks bind. Dette er rekna for eit av dei mest imponerande prestasjonane i klassisk filologi, sidan han sjøl reiste til Hellas i 1890 og 1895 for å studera landet, akkurat som Pausanias.

Oversettelsar

På engelsk er den mest anerkjente versjonen laga av W.H.S. Jones mellom 1918 og 1935. Jones har nettopp støtta seg på det ekstremt grundige forarbeidet til James Frazer, som nevnt over. Så dette er "standardoversettelsen" som i dag er i det fri som derfor blir brukt på dei frie nettstader som theoi.com, Perseus Digital Library og ToposText (sjå nedanfor). Det er uansett ikkje store forskjeller mellom oversettelsar, sidan Pausanias skriv sakprosa og ikkje poesi, og sidan vi ofte har ein arkeologisk "fasit" til tekstane.

Pausanias sitt komplette verk fins ikkje i norsk oversttelse, men det fins utvalgte deler og artiklar på norsk. Det viktigaste er I Hellas med Pausanias. redigert av Øivind Andresen og Tormod Eide.

Ei av dei viktigaste moderne studiene av verket er Pausanias' Guide to Ancient Greece (pdf) av Christian Habicht (her som pdf versjon, men du kan kjøpa den for eksempel her.) Han forklarer korleis Pausanias fungerte som turistguide for romarane, og korleis boka kan brukast av reisande i dag for å forstå dei stadene dei besøkjer.

Digitalisering

Digitalisering av klassiske tekstar begynte allerede på 1970-talet! Her er ei lita tidslinje:

Hvis vi ser på datamengden til kun teksten til Pausanias, så vil vi i dag sjå på den som gansk liten. Den er faktisk mindre enn 2 MB, data. Den greske originalteksten er ca. 215 000 ord, dvs. tre gonger så mykje som ein gjennomsnittlig moderne roman. Men hvis vi ser på høgoppløyselige bilder av heile Marcianus 413, så snakkar vi om fleire GB med data.

Kor kan du finna teksten?

Perseus Digital Library begynte å utvikla det dei kallar sin flaggskip-samling i 1987. Den dekkjer litteraturen, kulturen og historien til den gresk-romerske verda. Her kan du lesa Pausanias i komplett utgave både på gresk og engelsk.

theoi.com skriv om seg sjøl at dei er ein nettstad som utforskar gresk mytologi og gudane i klassisk litteratur og kunst, og at "Målet med prosjektet er å tilby ein omfattende, gratis referanseguide til gudene (theoi), ånder (daimones), fabelvesener (theres) og heltane fra antikkens greske mytologi og religion." Dei har eit omfattande online-bibliotek med massevis av tekstar, herunder utdrag teksten: Description of Greece >> Book 1.1-16 -  Lenker til resten er på sida. Det er verd å merkja seg at Perseus Digital Library er betre hvis du treng heile teksten. Men theoi.com er bra hvis du vil ha referanser til ein spesiell karakter, feks alle stader der "Hekate" er nevnt.

Topos Text kan vi søkja på feks. greske stader og finna kva tekstar som fortel om denne. Motsatt kan vi finna kva stader Pausanias har skrive om: som Pausanias Description of Greece (Paus.).

REFERANSER

Pausanias: Wikipedia.

PAUSANIAS Travel Writing in Ancient Greece Maria Pretzler.

Hellas fra sør til nord (2014) av Aage Hauken.