Taggar som vi bruker i IT1:

Denne lista er ikkje fullstendig. Sjekk alfabetisk liste. Du står sjølsagt fritt til å bruka andre taggar, men disse kan du risikera å få spørsmål om. Dei viktigaste er utheva.

Struktur

<!DOCTYPE> Skal stå først i dokumentet. Definerer html-versjon. Vi bruker <!DOCTYPE html> som betyr HTML5.
<body> Seksjon. Her puttar du innhaldet i dokumentet.
<html> Fortel nettlesaren at dette er eit htmldokument. Alle andre taggar skal vera inne mellom <html> og </html>
<head> Seksjon. Informasjon om nettsida di. Her kan du putta såkalt metadata som tittel, karaktersett (UTF-8) og stiler
<link> For eksterne stilark.
<meta> Beskriv dokumentet, feks forfattar, innhald, nøkkelord osv.
<script>
Hvis du vil ha javascript på nettsida di. (ikkje pensum)
<style> For interne stilark. Skal stå inne i <head>-delen.
<title> Tittelen til sida, dvs, det navnet du får opp i nettlesaren.

Innhald

Alt som kjem nedanfor skal vera inne i body-seksjonen

Dei mest brukte:

<a ...> Lenke. Dette er den viktigaste av alle taggar, syns eg!
<audio> Lyd
<br> Enkelt linjeskift
<div> Generell "boks" som du td. kan bruka til layout.
<h1> ... <h6> Overskrifter
<img> Bilder og grafikk.
<p> Paragraph, dvs. avsnitt.
<pre> Preformattert tekst. Nyttig til feks. å visa kode.
<span> Kan brukast til å styla ord, eller setningar.
<video> Video

Lister og tabellar

<li> Enkeltpunkt i ei liste av typen <ul> eller <ol>.
<ol> Ordna liste, dvs ei nummerert liste. Skal brukast samen med <li>.
<ul> Uordna liste, dvs punktliste. Skal brukast samen med <li>
<table> Tabell
<td> Celle i ein tabell
<th> Celle som er del av overskrift
<tr> Tabellrad

Skjema

<button> Klikkbar knapp
<fieldset> Grupperer element
<form> bruka til å laga skjema.
<input> Felt der brukaren kan skriva inn data. Skal vera inne i eit skjema. (ie.: <form>).
<label> Merkelapp for eit input-element.
<option> Definerer valg i ei dropdown-liste.
<select> Dropdown-liste
<textarea> Inputfelt med fleire linjer

Innhaldsbeskrivande* (semantiske) taggar som alternativ til <div>

<article> Sjølstendig innhald
<aside> Kan brukast til td. ein "sidebar", dvs ei kolonne ved sidan av hovedinnhaldet.
<figcaption> Kan brukast til bildetekst
<figure> Ofte brukt til bilder saman med figcaption.
<footer> Bunntekst. Kan brukast til feks. copyright info.
<header> Topptekst. Merk at det ikkje er det same som <head>!
<main> Hovedinnhaldet i eit dokument
<nav> Kan brukast til menyar og lenker.
<section> Del av eit dokument

* Før HTML5 kom brukte ein nesten utelukkande div-elementet som ein boks eller container for å laga layout. No har det kome mange alternativ til dette; nav, article, figure, section, aside, footer og header. Alle disse oppfører seg som ein div, men har meir spesiell bruk. Her får du ein liten oversikt over bruken. Hvis ingen av dei nye passar kan du alltids bruka div, likevel.