MathML

Det fins mange måtar å visa matte-formlar på nett. Dei to vanligaste er MathJax og MathML. Eg skal ikkje begi meg inn på ein samanlikning, men sjå litt på kva MathML er, og korleis vi kan bruka det.

MathML er eit XML-språk som er designa for å visa matematiske formlar på websider. I denne forbindelse kan vi sjå på det som ein utvidelse av HTML. Det betyr at det inneheld spesialtaggar som feks. <mfrac>, som fortel at no kjem det ein brøk.

Dermed kan vi skriva brøkar som 1/x, slik som det skal vera:

1 x

Koden for dette er slik:
<math xmlns="http://www.w3.org/1998/Math/MathML">
<mstyle displaystyle="true"> <mfrac> <mrow> <mn> 1 </mn>
</mrow> <mrow> <mi> x </mi>
</mrow>
</mfrac>
</mstyle>
</math>

Merk at all MathML-kode starta og slutta med <math>-taggen. For at likningande skal visast skikkelig, så må vi også oppe i "head"-seksjonen ha med   
<script type="text/javascript" src="http://cdn.mathjax.org/mathjax/latest/MathJax.js?config=TeX-AMS-MML_HTMLorMML"></script>
.
Dette er fordi ikkje alle nettlesarar enno kan visa MathML skikkelig på egenhånd. Så dette gjer eit javascript for oss.

MathML er ganske kraftig språk som kan visa matriser, vektorar, integraltegn osv., osv. Derfor er det alt for omfattande til å gå inn på her. Ein god stad å begynna å læra er Ry's MathML Tutorial. Hvis du bare vil ha det mest basic kan du sjå her.

Men heldigvis er det heller ikkje nødvendig å læra det for å kunna bruka det. Det fins mange editorar som gjer dette for oss. Eit nærliggjande eksempel er MathType som vi ofte bruker for å skriva formlar i Word. Men også dette kan vera ganske tidkrevande. Det lettaste er om vi kan skriva inn for hånd. Heldigvis klarer MathType dette også! Bare trykk "Edit" og så "Open Math Input Panel". Men ein endå enklare måte er å bruka programmet Myscript som gjenkjenner håndskrift, både med matematisk og andre typer input. Du kan prøva det på http://webdemo.myscript.com/views/math.html#

Du kan også finna ein brukbar web-basert editor uten håndskrift her. Når du har skrive inn formelen, kan du velja i fanene til høgre om du vil ha output som MathML, LaTEX (som er eit tilsvarande formateringsspråk som er mykje brukt i trykte medier) eller som SymbolTree (som eg ikkje anar kva er!). Så kan du bare kopiera koden inn i eit HTML-dokument, saman med script type-taggen som beskrive ovanfor, og du er ferdig.

Noken eksempel

Nedanfor finn du noken eksempel som eg har funne her.

1) Andregradsformelen (abc-formelen):

x = b ± b 2 4 a c 2 a

2) Binomialutvikling:

x + a n = k = 0 n n k x k a n - k

3) Fisjon av Uran:

n 0 1 + U 92 235 Ba 56 141 + Kr 36 92 + 3 n 0 1

4) Schrødinger-likningen:

i t Ψ = - h 2 2 m 2 Ψ + V Ψ

LENKER

http://www.wiris.com/editor/demo/no/mathml-latex.